Reformasjonen og norsk språkhistorie
Journal article, Peer reviewed
Published version
Date
2018Metadata
Show full item recordCollections
Abstract
Reformasjonen spela ei viktig rolle for å styrkje folkemåla som skriftspråk andsynes den lærde latinen. Men i Noreg var det dansk som vart kyrkjespråket, og reformasjonen har ofte vorte framstilt som avgjerande for skiftet til dansk skriftspråk. Dette har vorte kopla til eit generelt nedgangsmotiv i norsk seinmellomalderhistorie, som kulminerer med sjølvstendetapet, reformasjonen og språkskiftet. Denne framstillinga kan ikkje oppretthaldast, og i denne artikkelen blir språkskiftet i staden forklart som ein konsekvens av meir ålmenne politiske og kulturelle tilhøve, og det blir peika på at dansk var det dominerande skriftspråket i Noreg allereie før reformasjonen vart gjennomført.