• norsk
    • English
  • English 
    • norsk
    • English
  • Login
View Item 
  •   Home
  • Fakultet for samfunns- og utdanningsvitenskap (SU)
  • Institutt for geografi
  • View Item
  •   Home
  • Fakultet for samfunns- og utdanningsvitenskap (SU)
  • Institutt for geografi
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Frå primitive samlarar til dyktige naturfolk : ei analyse av førestillingar om dei andre i lærebøker

Fjose, Ingrid Rosseland
Master thesis
Thumbnail
View/Open
Ingrid Rosseland Fjose - MLGEOG - vår 2018.pdf (1.113Mb)
URI
http://hdl.handle.net/11250/2506947
Date
2018
Metadata
Show full item record
Collections
  • Institutt for geografi [835]
Abstract
Læreboka har spelt ein viktig rolle i undervisninga i Noreg. Den utgjer ei fyrstehandstolking av læreplanen, og inneheld dermed også ei fortolking av vitskapen. Gjennom åra har vitskap, samfunn og læreplan endra seg, og dette spelar inn på framstillinga av dei ulike tema i geografiundervisninga. Befolkning og utvikling er sentrale tema innan samfunnsgeografien, og i løpet av denne oppgåva er det analysert korleis befolkninga i utviklingsland har blitt, og blir framstilt i lærebøker.

Denne avhandlinga er det tredje bidraget i eit prosjekt kalla Forestillingen om de andre. Ragnhild Fagerslett (2015) avdekkja kva førestillingar eit utval elevar hadde rundt befolkninga i utviklingsland, og Joakim Larsen (2016) fylgde opp og studerte kva førestillingar som vart iv fremja av eit utval lærarar. Det blir også i denne avhandlinga sett fokus på ein pågåande vestleg diskurs som definerer befolkninga i vesten som «oss», og befolkninga i mindre utvikla land som eit motståande «dei». Analysen har vist at dette motsetningsforholdet er basert på vesten sin posisjon i verdssamanhengen, som igjen har vekse fram historisk gjennom globale relasjonar.

Det har i avhandlinga blitt analysert tre lærebøker som strekkjer seg frå tidsrommet 1939 til 2008. Fortolkinga som er utført har blitt diskutert opp mot meiningsinnholdet i postkolonial teori, befolkningsteoriar og teoriar rundt utvikling. Funna viser at me har gått frå å snakke om Europa og vesten sin befolkning som eit ideal alle andre blir målt opp mot, til å heller vere medlidande til befolkninga i mindre utvikla land.
Publisher
NTNU

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit
 

 

Browse

ArchiveCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournalsThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournals

My Account

Login

Statistics

View Usage Statistics

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit