Sjukepleiarar sine erfaringar med kommunikasjonsstraumen og innhaldet i PLO-meldingar mellom primær- og spesialisthelsetenesta
Abstract
Bakgrunn: Elektronisk meldingsutveksling er nå den vanligaste samhandlingsarenaen mellom primær- og spesialisthelsetenesta. Det finst lite forsking om sjukepleiarar sine erfaringar med elektronisk kommunikasjon mellom primær- og spesialisthelsetenesta.
Føremål: forske på sjukepleiarane sine erfaringane med kommunikasjonsstraunmen og innhaldet i PLO-meldingar sendt mellom primær- og spesialisthelsetenesta.
Metode: Kvalitativ studie med to gruppeintervju som metode. Sju sjukepleiarar frå eitt middel stort sjukehus og ein omIiggande kommune deltok i studien.
Resultat: Kommunikasjonsstraunmen mellom kommune og sjukehus er blitt enklare med PLO-meldingar, men det er til tider PLO-meldingar som ikkje blir sendt slik dei skal. Telefonen blir framleis brukt i begge tenesteområda. Kvaliteten på innhaldet i PLO-meldingane mellom primær- og spesialisthelsetenesta ser ut til å variere. Innhaldet i meldingane og hyppigheit av oppdateringar varierer mellom ulike avdelingar og sjukepleiarar på sjukehus. Det manglar epikrise og legmiddelliste når pasientar blir utskrivne frå sjukehus. Innleggingsrapporten frå primærhelsetenesta er prega av ukjend terminologi og manglande informasjon om til pasienten. Rett legemiddelliste frå primærhelsetenesta er ei utfordring.
Konklusjon: Sjukepleiarane både i primær- og spesialisthelsetenesta er i all hovudsak tilfredse med elektronisk meldingsutveksling, men dei ser forbetringspotensiale på kvaliteten på innhaldet i PLO-meldingane. Dei opplever at manglande informasjon er med på å hindre god pasientbehandling. Automatisk lagring av PLO-meldingane i pasientjournalen er med på å sikre at informasjon ikkje går tapt. Sjukepleiarane både i primær- og spesialisthelsetenesta manglar kunnskap om kva informasjon som er viktig for dei på andre tenestenivå.
Nøkkelord: kvalitativ, komparativ, PLO-meldingar, elektronisk kommunikasjon