Å forske på eiga speling
Journal article, Peer reviewed
Published version

View/ Open
Date
2017Metadata
Show full item recordCollections
- Institutt for musikk [518]
- Publikasjoner fra CRIStin - NTNU [40022]
Original version
Journal for Research in Arts and Sports Education. 2017, 01 (05), 59-78. 10.23865/jased.v1.942Abstract
Denne artikkelen presenterer, undersøker og diskuterer bruken av auditiv sonologi som metode for å forske på improvisert musikk. Studien er eit eksempel på kunstnarleg forsking, og rettar sine spørsmål frå innsida av ein kunstnarleg praksis. Det underliggande forskingsspørsmålet som har oppstått frå den kunstnarlege praksisen og som vert undersøkt gjennom denne artikkelen er: Korleis kan bruk av auditiv sonologi som analysereiskap hjelpe ein musikar-forskar til å forske på musikk innanfrå sin eigen kunstnarlege praksis? Dette spørsmålet vil verte handsama analytisk, refleksivt og kritisk. Konkrete eksempel gjer det muleg å sjå kva auditiv sonologi er og kan gi som metode. Artikkelen vil fokusere på dei metodologiske sidene ved auditiv sonologi, samt vise min konkrete bruk av metoden i eit større forskingsprosjekt. Slik argumenterer artikkelen for at auditiv sonologi er ein nyttig analytisk reiskap for å drive forsking på musikk frå ein hybrid musikar/forskar-ståstad med eit kunstnarleg perspektiv.