Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorKvello, Øyvind
dc.contributor.authorGreve, Margrethe Voldsund
dc.date.accessioned2017-10-02T11:00:06Z
dc.date.available2017-10-02T11:00:06Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2457692
dc.description.abstractProblemstilling: Denne masteroppgåva set fokus på korleis ein kan tilpasse undervisinga for elevar med autismespekterforstyrringar (ASF). Problemstillinga er; «Korleis kan ein bruke struktur og forsterking i opplæringa for elevar med ASF, og kva fordelar og utfordringar meiner tre ressurssentertilsette desse tiltaka kan ha?». Når det er snakk om bruken av struktur, vil det vere hovudfokus på dagsplan og aktivitetsplan som eit tiltak for å skape struktur. Når det vert sett på forsterkingsomgrepet, vil bruken av motivasjonssystem/teiknøkonomi verte drøfta. Utval: Utvalet baserer seg på tre informantar som arbeider på eit ressurssenter for elevar med autisme. Alle har fleire års erfaring med å arbeide med denne elevgruppa. Det har blitt gjennomført intervju av dei tre tilsette. Det har også blitt gjennomført tre observasjonar av dei tilsette og elevar i undervising, der har det vore hovudfokus på læraren. Forskingsmetode: Denne forskinga er basert på ein generell kvalitativ forskingsmetode. Masteroppgåva er basert på tre observasjonar av dei tilsette og elevane, og tre semistrukturerte intervju av dei tilsette. Kvart intervju og kvar observasjon varte i omtrent ein time. Hovudfunn: Forskinga viser at informantane tykkjer at bruken av struktur og forsterking er svært gode tiltak for elevar med ASF. Planane er med på å sikre at elevane får ein strukturert, oversiktleg og føreseieleg kvardag. Dei kan også vere svært nyttige i nye eller utfordrande situasjonar, og elevane kan verte meir sjølvstendige. Samstundes har bruken av slike planar eit kommunikativt aspekt og det sikrar variasjon. Bruken av forsterking kan blant anna føre til at elevane lærer betre, motivasjonen vert større og dei opplever meistring. Ved å gi ei forsterking bekreftar ein også når eleven har gjort noko rett. Informantane seier at utfordringane med bruken av struktur kan vere at eleven vert rigid og at andre instansar ikkje nyttar seg av dette tiltaket. Ein viktig føresetnad for at planane skal fungere godt, er at ein tek utgangspunkt i eleven sine initiativ og behov. Utfordringar med å bruke forsterking/teiknøkonomi, kan blant anna vere at det er vanskeleg å finne rette forsterkarar og oppdatere desse ofte nok. Nokre elevar kan verte avhengige av å få forsterkarane, og fleire er kritiske til bruken av godteri som forsterkar. Åtferdsanalysen har også fått kritikk for sin pedagogikk, og bruken av teiknøkonomi er basert på denne pedagogikken. Det verka som om informantane tykte at fordelane med desse tiltaka overskygger utfordringane ved bruken. Funna vert drøfta i lys av empiri og teori.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNTNUnb_NO
dc.subjectMasteroppgåve i Spesialpedagogikknb_NO
dc.titleEi kvalitativ studie av tilrettelegging av undervising, med fokus på bruk av struktur og forsterking for elevar med autismespekterforstyrringar (ASF)nb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Pedagogiske fag: 280nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel