Når minoritet møter majoritet - Ei kvalitativ undersøkelse av kva som skjer i møtet mellom minoritet og majoritet, med utgangspunkt i ikkje-vestlege foreldre si oppleving av barnehagen
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2457219Utgivelsesdato
2017Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Tittelen for oppgåva er «når minoritet møter majoritet», og tek utgangspunkt i foreldre med ikkjevestleg bakgrunn og deira opplevingar. Då fokuset ligg på kva foreldra opplever når dei kjem til den norske barnehagen. Forskingsspørsmåla som er stilt, peikar på behovet for ei utviding innan inkluderingsomgrepet, samt behov for å auke medvitet rundt makt og minoritetar. Det er lagt vekt på ei narrativ tilnærming i både undersøkinga og analysen.
Det er ikkje mykje tidlegare forsking knytt til foreldra si oppleving av barnehagen, men det finst derimot ein god del om foreldre i møte med skule. Eg ser at det difor har vore naudsynt å sjå nærare på dette, og tette visse hol, ved å gje foreldra ei stemme. I oppgåva er det teke utgangspunkt i Vygotski sine teoriar om det sosiokulturelle barnet, noko som fleire av dagens forskarar også skriv om og skildrar. Interkulturell kommunikasjon er også eit grunnlag for drøftinga, ilag med ulike teoriar om foreldresamarbeid og ulike oppsedingsperspektiv.
Det er 5 deltakarar, 4 intervju, frå tre ulike land, men same kontinent som er intervjua. Ein far, to mødrer og eit foreldrepar (mor + far) er intervjua med utgangspunkt i same forskar- og intervjuguide. Intervjua er transkribert og analysert.
Tolkinga av datamaterialet har utgangspunkt i den hermeneutiske tradisjonen. Hovudfunna er spegla i kategoriane for drøftinga, og løftar fram viktigheita av foreldra sin eigen bakgrunn når det gjeld korleis dei opplever å møte barnehagen. Det krysspresset som oppstår hjå foreldra, og borna, er også eit funn med tanke på kva dei opplever. Dette kryssepresset strekker seg ikkje berre til dei andre som arbeider i barnehagen, men er gjeldande hjå venner frå same land, mellom foreldra sjølv, og mellom borna. Gjennomgåande opplever foreldra at barnehagen er ein god stad å vere for borna, men dei løftar fram sider ved samarbeidet som går på utfordringar med kommunikasjonen, særskilt i starten. Eg fann også at barnehagen prøvar på ulike tiltak for å inkludere «minoritetsforeldre», og at desse tiltaka kunne opplevast ekskluderande for foreldra sjølv. Omgrepet inkludering i det spesialpedagogiske feltet har framleis behov for å bli utvida og stilt spørsmål ved. Ein av hovudkonklusjonane er viktigheita av å sjå individet og personane bak kategoriane og gruppa ein høyrer til. Skilnaden mellom kvar enkelt av foreldra med ikkje-vestleg bakgrunn er like stor som kven som helst andre menneske og foreldre.