Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBuene, Lena
dc.date.accessioned2017-09-14T08:22:43Z
dc.date.available2017-09-14T08:22:43Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2454650
dc.description.abstractMatematikklekser er eit spanande, men òg stort, emne. I mitt arbeid valde eg å sjå nærare på fasen mellom lærar og elev, og korleis elevane tok tak i heimeleksene dei fekk. Eg kom i kontakt med ein lærar som arbeida på ein skule utanfor Bergen. Han nytta lekser regelmessig, og i veke 5 ga han elevane sine ei divisjonslekse ettersom divisjon var emnet dei arbeida med på skulen. Eg valde å gå vidare med denne vekeleksa i oppgåva mi, for å undersøkje korleis elevane løyste leksa. Eg fann leksa interessant ettersom leksa oppmoda elevane til å produsere tekstoppgåver, i staden for at dei fekk tekstoppgåver dei skulle løyse. Eg såg for meg at elevane kunne utvikle forståing innanfor temaet divisjon ved at dei vart involvert i prosessen. Dei vart aktivt med i prosessen ved å lage tekstoppgåver og setje temaet i ein kontekst, i staden for å arbeide med isolerte reknestykke som tok for seg divisjon med desimaltal. Leksa oppmoda også elevane til å forklare korleis dei tenkte når dei dividerte, og eg vart interessert i korleis elevane klarte å forklare tenkjemåtane sine. Ut i frå desse tankane utforma eg forskingsspørsmålet: Korleis løyser ei gruppe sjuandetrinnselevar ei divisjonslekse som inkluderer desimaltal? Spørsmålet var relativt stort, og det var masse å tak i. Eg valte å ta meir tak i omgrepet «løyser», som eg nyttar i forskingsspørsmålet. Ettersom eg undersøkte lekser fekk eg ikkje moglegheit til å vere til stades når elevane løyste oppgåva. Ut i frå løysingsforslaga til elevane kunne eg likevel sjå nokre av vala dei hadde gjort, og kva for strategiar og prosessar som kunne ligge bak arbeidet. I analysekapittelet tok eg for meg tre hovudemne som eg laga ut i frå forskingsspørsmålet: 1. Kva reise har leksa frå læreplanen til den møter eleven? 2. Korleis meistrar elevane å lage tekstoppgåver om divisjon med desimaltal? 3. Korleis forklarar elevane korleis dei tenkjer når dei dividerer? I analysekapittelet vil eg starte med å ta for meg rammene for divisjonsleksa, og korleis læraren i sjuandetrinnsklassen arbeida med leksene. Vidare vil eg ta for meg det første underspørsmålet, og undersøkje reisa leksa gjer frå Kompetansemåla i læreplanen, til elevane løyser leksa heime. I kapitlet tar eg for meg «divisjonsleksa som inkluderer desimaltal», henta6 frå det overordna forskingsspørsmålet. Eg vil undersøkje kva kognitive krav leksa opnar for, og kva kognitive prosessar elevane nyttar i løysinga av leksa. Eg tar også for meg kva oppgåveeigenskapar læraren legg opp til at elevane skal nytte, i tillegg til å sjå kva eigenskapar elevane faktisk nyttar i løysinga av leksa. For å svare på spørsmålet har eg analysert divisjonsleksa slik det vart presentert på lekseplanen, nytta djupneintervju med læraren som laga leksa og valt ut elevsvar som var representative for korleis elevane løyste leksa. Vidare i analysekapittelet tar eg for meg eit utval elevsvar for å undersøkje korleis elevane arbeider med leksa, og kva kontekst dei nyttar for å løyse leksa. Læraren hadde bestemt at elevane skulle lage to tekstoppgåver som tok for seg ein situasjon der ein delte eit desimaltal på eit heiltal. I denne delen av analysekapittelet tar eg for meg det andre underspørsmålet, om korleis elevane meistrar å lage tekstoppgåver som tar for seg divisjon med desimaltal. Eg har tatt for meg eit utval elevsvar for å sjå kva konteksten elevane har valt handlar om, om konteksten er realistisk og om konteksten elevane nyttar koplar saman situasjon og berekning. Til slutt i analysekapittelet tar eg for meg det tredje underspørsmålet, og undersøkjer korleis elevane forklarar korleis dei tenkjer når dei dividerer. Eg har tatt for meg eit utval elevsvar for å sjå korleis elevane skildrar tenkjemåtane sine, og kva type forståing forklaringane fremjar. Til saman skal underspørsmåla mine svare på det overordna forskingsspørsmålet: korleis løyser ei gruppe sjuandetrinnselevar ei divisjonslekse som inkluderer desimaltal. Utval av elevsvar som er gjort i analysen er forklart nærare i metodekapittelet og undervegs i analysekapittelet.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNTNUnb_NO
dc.titleDivisjonslekser på vegen mot auka forståing: ein kvalitativ studie av ei gruppe sjuandetrinnselevar sitt møte med ei divisjonsleksenb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel