Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorMæhlum, Brit Kirsten
dc.contributor.authorBrobakke, Frida
dc.date.accessioned2017-09-13T09:21:39Z
dc.date.available2017-09-13T09:21:39Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2454466
dc.description.abstractFormålet med denne studien har vore å sjå på dialektbruk blant unge utflyttarar frå Vågsøy til Bergen, der både konkrete språklege realiseringar og individuell motivasjon bak den språklege åtferda har stått i fokus. Vågsøy er ei kommune i Sogn og Fjordane fylke, som ligg ytst i Nordfjorden. Den nærmaste storbyen til Vågsøy er Bergen, noko som fører til at mange vågsøyværingar flyttar til denne byen for å ta høgare utdanning eller jobbe etter vidaregåande utdanning. Den empiriske materialet i avhandlinga dannast av kvalitative intervju med tre informantar. Desse informantane vart plukka ut på grunnlag av at dei i ulik grad hadde endra på dialekta si etter at dei flytta til Bergen. Intervjua vart nytta til å finne forklaringar på den språklege åtferda, i tillegg til at det vart brukt til å gjere ei analyse av språket deira. Analysen av språket var ei slags ”grovmaska” kvantitativ analyse. Eg plukka ut nokre karakteristiske trekk for vågsøydialekta, og analyserte kor mykje dei nytta seg av dei tradisjonelle varietetane og dei modifiserte varietetane. Ved å analysere seks karakteristiske språktrekk for vågsøydialekta hos dei tre informantane, har eg funne ut kva for språktrekk utflyttarane beheld og kva for språktrekk dei modifiserer. Ein av informantane, Eva, har i lita grad modifisert språket sitt etter å ha flytta til Bergen. Ein annan informant, Erik, har i middels grad modifisert språket sitt, og ein siste informant, Erling, har i stor grad modifisert språket, og primært i retning austlandsk. Eg har brukt tilpassingsteorien (også kalla akkomodasjonsteorien) og den sosiale nettverksteorien for å forsøke å gi ei forklaring på den individuelle motivasjonen bak den språklege åtferda til utflyttarane. Kort sagt modifiserer Eva i lita grad på grunn av sin sterke vilje til å halde på dialekta. Ho meiner det er ein klar og viktig samanheng mellom språk og identitet, og ho lar ikkje det sosiale nettverket hennar, som inneheld mange bergensarar, verke inn på dialekta. Erik modifiserer i middels grad. Han seier at han har lagt om på dialekta på grunn av fleire språkmøter i Bergen der han ikkje har blitt forstått eller der han har blitt etterlikna på grunn av dialekta si. Erling modifiserer i stor grad, og dette er på grunn av at han har eit ønske om å bli assosiert med austlendingar og talemålet på Austlandet. Han har eit sosialt nettverk som er dominert av austlendingar, noko som gjer at han primært modifiserer mot austlandsk.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNTNUnb_NO
dc.subjectnordisknb_NO
dc.subjectsosiolingvistikknb_NO
dc.subjectspråkendringnb_NO
dc.subjectspråknb_NO
dc.titleUnge språkbrukarar på flyttefot : ein sosiolingvistisk studie av dialektbruk blant utflyttarar frå Vågsøy til Bergennb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Humaniora: 000::Språkvitenskapelige fag: 010::Nordiske språk: 018nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel