Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorBjerklund, Monica
dc.contributor.authorBårtvedt, Sindre Tveisme
dc.date.accessioned2017-09-05T13:39:16Z
dc.date.available2017-09-05T13:39:16Z
dc.date.issued2016
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2453237
dc.description.abstractHensikta med denne studien er å sette søkelys på korleis arbeidet med å legge til rette for tilhøyr og tryggleik i kvardagen til ungdom som bur i institusjon i regi av barnevernet vert gjennomført. Fokus ligg på korleis dei tilsette som gjennomfører dette arbeidet oppfattar den effekten det har på dei unge som dei har ansvar for. Det vert og lagt vekt på korleis dette kan tenkjast å spele inn på dei unge sin skulekvardag. Funna i studien vert drøfta i lys av teori knytt til resiliens (Befring, 2012; Borge, 2010), profesjonskompetanse (Gjertsen, 2003; Larsen, 2004; Storø, 2008), og sosial nettverks- og identitetsteori (Berger & Luckmann, 2000; Habermas, 1987). Studien tek sikte på å gje lærarar og spesialpedagogar eit innsyn i kva erfaringar tilsette ved barnevernsinstitusjonar har med å legge til rette for tilhøyr og tryggleik i ungdommar sin kvardag. Problemstillinga som det vert arbeida ut ifrå er: Korleis arbeider tre tilsette ved barnevernsinstitusjonar med å legge til rette for at ungdommane dei har ansvar for opplever tilhøyr og tryggleik i kvardagen? Underspørsmåla som er knytt til denne problemstillinga er. - Korleis bruker dei tilsette aktivitetar i møte med dei unge for å bygge tilhøyr og tryggleik? - Korleis opplever dei tilsette skulen si innverknad på dei unge si oppleving av tilhøyr og tryggleik? - Kva ferdigheiter legg dei tilsette vekt på i arbeidet med å legge til rette for tilhøyr og tryggleik? - Korleis speler omsorg inn i det arbeidet dei tilsette gjer for å legge til rette for tilhøyr og tryggleik? Studien er gjennomført ved å ta i bruk kvalitativ forskingsmetode. Datainnsamlinga vert gjennomført ved hjelp av semi-strukturerte intervju med tre tilsette som arbeider ved barnevernsinstitusjonar som har ungdom som målområde. Det vert lagt opp til ei hermeneutisk-fenomenologisk tilnærming til intervjua og databehandlinga. Analysen vert gjennomført ut frå ein modifisert versjon av Stevick-Colazizzi-Keen-metoden (Moustakas, vi 1994). Resultata vert kvalitetssikra gjennom å gjer greie for den metodologiske framgangsmåten og valga som vert gjort, før-forståinga mi som forskar, og member-checking. Hovudfunna i studien er at dei tilsette fokuserer på å bygge relasjonar med, og sosial kompetanse hjå dei unge gjennom å aktivisere dei i estetiske og fysiske aktivitetar innanfor deira interessesfære. Dei tilsette prioriterer eit tett samarbeid mellom institusjonen og skulen, og har dei unge sin skuletrivsel som ein viktig faktor i arbeidet sitt. Skulen vert lagt vekt på som ein særs viktig faktor for at dei unge skal oppleve trygge rammer utanfor institusjonen. Det kjem og fram at dei tilsette legg vekt på personleg eignaheit og det å kunne balansere personlege og faglege ferdigheiter som viktig for kunne gjennomføre arbeidet. Omsorg er og noko som dei tilsette legg til grunn som særs viktig for tilrettelegginga for tilhøyr og tryggleik hjå dei unge i kvardagen. Dei legg vekt på viktigheita av at dei unge opplever institusjonen som ein heim, men at dei og må vera bevisst den familien som mange av dei unge kan føle seg knytt til. Konklusjonen i studien er at dei tilsette er bevisst den rolla dei speler i dei unge sitt liv, og at dei opptrer som rollemodellar for dei unge. Rammer, struktur og relasjonar er viktige verktøy for dei tilsette når dei skal legge til rette for tilhøyr og tryggleik hjå dei unge. Dei tilsette opplever å måtte gå ein balansegang mellom det å vera profesjonsutøvarar og privatperson. Dei må ta på seg eit formyndaransvar og vise omsorg, men samtidig la ungdommane behalde dei familiebanda dei har. Gjennom å ta høgde for både humane verdiar og sitt lovheimla mandat er dei tilsette med på å legge til rette for at dei unge opplever institusjonen som ein sikker base med trygge rammer, men og eit område der dei kan utfolde seg som individ. Dette gjer det mogleg for dei unge å oppleve skulen og institusjonen som ein arena dei kan føle seg trygge i, men og der dei høyrer til. Dette kan og legg til rette for ei resiliensutvikling hjå dei unge. Dei tilsette er heile tida bevisst dei utfordingane dei unge møter gjennom å bu i institusjon, og korleis det arbeidet dei gjer kan spele inn på identitetsdanninga til dei unge.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNTNUnb_NO
dc.subjectbarnevernnb_NO
dc.subjectungdomnb_NO
dc.subjectbarnevernsinstitusjonnb_NO
dc.subjectprofesjonskompetansenb_NO
dc.subjectomsorgnb_NO
dc.subjectskulenb_NO
dc.subjectidentitetnb_NO
dc.subjectførebyggingnb_NO
dc.titleAt dei veit dei kan komme heim her : ei hermeneutisk-fenomenologisk studie av tre tilsette ved barnevernsinstitusjonar, og korleis dei arbeider for å legge til rette for tilhøyr og tryggleik hjå ungdom i kvardagennb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Pedagogiske fag: 280nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel