• norsk
    • English
  • English 
    • norsk
    • English
  • Login
View Item 
  •   Home
  • Fakultet for samfunns- og utdanningsvitenskap (SU)
  • Institutt for pedagogikk og livslang læring
  • View Item
  •   Home
  • Fakultet for samfunns- og utdanningsvitenskap (SU)
  • Institutt for pedagogikk og livslang læring
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

''Ho var ein mester i å gjere seg sjølv usynleg''

Rygg, Birgitte
Master thesis
Thumbnail
View/Open
Masteroppgave (475.0Kb)
URI
http://hdl.handle.net/11250/2452776
Date
2016
Metadata
Show full item record
Collections
  • Institutt for pedagogikk og livslang læring [2227]
Abstract
Problemstillinga for denne studien er: Korleis kan barnehagelæraren arbeide med barn som viser innagerande atferd i barnehagen? Formålet med denne oppgåva var å lære meir om barnehagelæraren sin praksis i møte med barn som viser innagerande atferd. I følgje Lund (2012) er innagerande atferd ein atferd der følelsar, opplevingar og tankar blir heldt og vendt innover mot ein sjølv. Uttrykk som blir kommunisert kan vere sårbarheit, avvising og usikkerheit (s.27). Vidare er atferda av ein slik varigheit, art og intensitet at den bryt med forventa atferd, hemmar utvikling eller læring og hindrar positiv samhandling med andre (Lund, 2004, s.21-22). For å belyse problemstillinga gjennomførte eg kvalitative forskingsintervju med fire barnehagelærarar frå tre ulike barnehagar. Intervjua var delvis strukturerte og tok utgangspunkt i ein intervjuguide. Eg nytta ei fenomenologisk-hermeneutisk tilnærming til studiet. Innsamla data blei analysert systematisk for å identifisere fenomen som såg ut til å vere av meining og interesse, og vidare delt inn i åtte kategoriar. Funna er drøfta i lys av relevant teori. Resultata i studiet indikerer at å arbeide med barna sitt syn på seg sjølv, vere ein tilgjengeleg vaksen, ta seg tid, bruke små grupper, ha eit pedagogisk blikk på leiken, ta i bruk ulike uttrykksmåtar, bruke foreldra som ein ressurs og samarbeide med dei andre i personalet er viktig i arbeidet med barn som viser innagerande atferd. Noko som utmerkar seg er betydinga av å skape tryggheit rundt desse barna. Dei vaksne må ha eit blikk for barn som viser innagerande atferd og gi dei ekstra tid og merksemd. Det er viktig at den vaksne bekreftar og anerkjenner barna og deira oppleving av at «eg er god nok», samtidig som dei gir barna utfordringar slik at dei får øve på å eksponere seg (Flaten, 2015, s.158). Ein trygg, tilgjengeleg og støttande vaksen kan vere med som startmotor for å hjelpe barnet i gong (Barsøe, 2010, s.100). Informantane var opptatt av å delta i leik, vere aktive saman med barna og dermed enklare kunne sjå og gi passeleg støtte til dei barna som trengte det. Ein god arbeidsmåte er å bruke små grupper, der barna kan bli kjent og skape relasjonar innanfor trygge rammer. Ved at den vaksne trekk fram barna sine ressursar og hjelper dei til å ta desse i bruk i leiken, kan barn som viser innagerande atferd få styrka synet på seg sjølv og oppleve glede og mestring i samspel med andre barn i barnehagen.
Description
Masteroppgave i spesialpedagogikk
Publisher
NTNU

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit
 

 

Browse

ArchiveCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournalsThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournals

My Account

Login

Statistics

View Usage Statistics

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit