Frå forretningsidé til realisering for norske vindkraftprosjekt : er konsesjonsprosessen ei hindring for norsk vindkraftutbygging?
Journal article, Peer reviewed
Accepted version
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2451987Utgivelsesdato
2012Metadata
Vis full innførselSamlinger
Originalversjon
Nordiske organisasjonsstudier. 2012, 14 (1), 51-76.Sammendrag
Vindforholda i Noreg er ideelle for vindkraftproduksjon. Vi har teknologiske løysingar som tilfredsstiller krava til ei storstilt utbygging under norske klimatilhøve. Likevel er utbyggingstakten innan norsk vindkraft låg. Kva hindrar ei meir offensiv norsk vindkraftsatsing? Artikkelen tek utgangspunkt i synsmåtane til entreprenørbedrifter som engasjererseg i utbyggingsprosjekt for vindkraft. Bedriftene peikar på konsesjonsprosessen som ei hindring. Samtidig er prosessen meint å sikre demokratisk påverknad og miljøvenlege resultat. Utgjer konsesjonsprosessen eit demokratisk og risikominimerande eller eit unødvendig omstendeleg og tidkrevjande maskineri? Står idealet om offentlig planlegging som demokratisk kontroll og idealet om tilrettelegging for innovasjon og næringsutvikling i motsetning til kvarandre? For å sjå nærare på desse spørsmåla har eg studert eit vindkraftprosjekt frå det oppstod som forretningsidé i 2001 til kraftproduksjonen starta opp i 2010. Prosessen er studert ved hjelp av fem kritiske innovasjonsfaktorar definerte av Hernes og Røste, og sett i lys av Latour sitt aktørnettverkperspektiv på innovasjon. Det er i artikkelen ei målsetjing å beskrive entreprenørskapsorganisasjonen si tilpassing og manøvrering gjennom ein kompleks og mangfaldig innovasjonsprosess fram tilkonsesjonsgodkjenning.
Eg finn at konsesjonsprosessen langt på vegkan sjåast someinnyttigkommersialiseringsteknologi: Krava til dialog, medverknad, konsekvensutgreiingar og politisk støtte gjer at formalitetane i konsesjonsprosessen nærast tvingar entreprenørbedrifter til å fokusere på innovasjonsfaktorane regelverk, organisasjon, marknad og teknologi. Eg finn likevel eitt ankepunkt: Er innovasjonsfaktorenfinansiering tilfredsstillande ivareteken – all den tid finansieringsspørsmålet først får si avklaring etter at alle utbyggingsplanar og -prosessar er fullførte?