Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorBerthling, Ivar
dc.contributor.authorGjørven, Anita
dc.date.accessioned2017-07-10T12:43:42Z
dc.date.available2017-07-10T12:43:42Z
dc.date.issued2015
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2448331
dc.description.abstractYtre delar av Nord-Vestlandet vart tidleg deglasiert etter siste istid maksimum, og låg utanfor isdekket under Yngre Dryas. I denne perioden er det sannsynleg at mange ulike prosessar, særleg knytt til paraglasial justering og permafrost, verka inn på landskapsutviklinga. På grunnlag av dette vil denne oppgåva forsøke å avgjere om ei ur lokalisert i Melsetdalen, Sykkylven, er ein relikt steinbre eller resultat av fjellskred, og derifrå prøve å forstå landskapsutviklinga i denne dalen. Grundig morfologisk kartlegging av landformene sine overflater vart gjort i løpet av sommaren 2014. Som eit tillegg vart det brukt georadar (GPR) for å få et innblikk i den interne strukturen til lobefrontane. Resultata viser mange teikn på både frostsprenging, ras og rotasjonsskred, inkludert store, usorterte steinblokker med volum frå 1 m 3 til over 100 m 3, omfattande foliasjon og sprekkesystem, forskyvingar og rotasjonsglidingar i sub-overflata. Lobeformasjonar på motsett side av dalen bidrar til oppfatninga av at utviklinga både i tid og rom stammar frå ein kompleks kombinasjon av prosessar knytt til både paraglasial justering, permafrost og muligens også småskala lokalglasiasjon. Med tanke på kombinasjonen av permafrost og store blokker i avsetjingane sett i samanheng med morfologien på frontlobene, kan ikkje mogelegheita for permafrostkryp i frontlobene ekskluderast. Det blir likevel foreslått at prosessane som har hatt størst påverking på utviklinga av ura er knytt til steinsprang og skred med tilhørande deformasjonsmekanismar.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNTNUnb_NO
dc.titleTolking av landformer og landskapsutvikling i Melsetdalen, Møre og Romsdalnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel