Tolking av landformer og landskapsutvikling i Melsetdalen, Møre og Romsdal
Master thesis

View/ Open
Date
2015Metadata
Show full item recordCollections
- Institutt for geografi [1005]
Abstract
Ytre delar av Nord-Vestlandet vart tidleg deglasiert etter siste istid maksimum, og låg utanfor isdekket under Yngre Dryas. I denne perioden er det sannsynleg at mange ulike prosessar, særleg knytt til paraglasial justering og permafrost, verka inn på landskapsutviklinga.
På grunnlag av dette vil denne oppgåva forsøke å avgjere om ei ur lokalisert i Melsetdalen, Sykkylven, er ein relikt steinbre eller resultat av fjellskred, og derifrå prøve å forstå landskapsutviklinga i denne dalen. Grundig morfologisk kartlegging av landformene sine overflater vart gjort i løpet av sommaren 2014. Som eit tillegg vart det brukt georadar (GPR) for å få et innblikk i den interne strukturen til lobefrontane.
Resultata viser mange teikn på både frostsprenging, ras og rotasjonsskred, inkludert store, usorterte steinblokker med volum frå 1 m 3 til over 100 m 3, omfattande foliasjon og sprekkesystem, forskyvingar og rotasjonsglidingar i sub-overflata. Lobeformasjonar på motsett side av dalen bidrar til oppfatninga av at utviklinga både i tid og rom stammar frå ein kompleks kombinasjon av prosessar knytt til både paraglasial justering, permafrost og muligens også småskala lokalglasiasjon.
Med tanke på kombinasjonen av permafrost og store blokker i avsetjingane sett i samanheng med morfologien på frontlobene, kan ikkje mogelegheita for permafrostkryp i frontlobene ekskluderast. Det blir likevel foreslått at prosessane som har hatt størst påverking på utviklinga av ura er knytt til steinsprang og skred med tilhørande deformasjonsmekanismar.