Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorEide, Kristin Melumnb_NO
dc.contributor.authorLarsen, Tina Louise Ringstadnb_NO
dc.date.accessioned2014-12-19T13:10:05Z
dc.date.available2014-12-19T13:10:05Z
dc.date.created2014-09-17nb_NO
dc.date.issued2014nb_NO
dc.identifier747582nb_NO
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/244390
dc.description.abstractEit viktig område av språkvitskapen tar føre seg korleis born lærer språk. Denne masteroppgåva ser konkret på korleis tre norske born tileignar seg funksjonelle kategoriar, meir spesifikt hjelpeverb, negasjon, topikalisering, kv-spørsmål og underordning. To av hypotesane som er nytta for å undersøke dette er framhaldshypotesen og modningshypotesen. Ut frå båe er det utkrystallisert relativt generelle prediksjonar om syntaktisk språkutvikling, og i denne oppgåva er hypotesane primært nytta til å sjå om språkutviklinga til dei tre informantane er lineær eller ikkje lineær, altså i kva rekkefølgje den syntaktiske strukturen kjem til uttrykk gjennom språket deira over tid. Oppgåva har eit spesielt fokus på C-domenet, og analyseverktøyet som er nytta for å undersøke dette er ein hypotese om det sårbare C-domenet og ein syntaktisk modell av ein splitta CP. Datagrunnlaget som er nytta for å undersøke det ovannemnde er transkripsjonar av nyinnsamla opptak av spontan tale frå tre norske jenter i alderen 24 til 31 månader. Opptaka er gjorde med jamne mellomrom i eit halvt år. Den språkutviklinga ein finn i dataa som ligg til grunn for oppgåva, gir ikkje eintydig støtte til nokon av dei tre nemnde hypotesane, men ulike element av funna passar med delar av hypotesane. Spesielt syner linearitet seg å vere eit komplekst tema fordi setningsstrukturen på éi side ikkje ser ut til å utvikle seg trinnvis frå botnen og opp, men på ei anna side syner det ein kan kalle eit stabilitetsproblem, der dei høgaste delane av strukturen oftare er ikkje målspråklike enn dei lågare delane. I denne oppgåva vert dette skildra som at setningsstrukturen har meir og mindre stabile komponentar.nb_NO
dc.languagenornb_NO
dc.publisherNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Det humanistiske fakultet, Institutt for språk og litteraturnb_NO
dc.subjectbarnespråkno_NO
dc.subjectfunksjonelle kategoriarno_NO
dc.subjectfunksjonelle kategorierno_NO
dc.subjectC-domeneno_NO
dc.subjectspråktileigningno_NO
dc.subjectspråktilegningno_NO
dc.subjecttopikaliseringno_NO
dc.subjectunderordningno_NO
dc.subjectkv-spørsmålno_NO
dc.subjecthv-spørsmålno_NO
dc.subjectnegasjonno_NO
dc.subjecthjelpeverbno_NO
dc.subjectspråkkorpusno_NO
dc.subjecttranskriberingno_NO
dc.subjectCHILDESno_NO
dc.subjectsyntaksno_NO
dc.titleByggeklossar i barnespråk: Om tre norske born si tileigning av funksjonelle kategoriarnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber93nb_NO
dc.contributor.departmentNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Det humanistiske fakultet, Institutt for språk og litteraturnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail
Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel