Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorMæhlum, Britnb_NO
dc.contributor.authorIndrehus, Krista Liennb_NO
dc.date.accessioned2014-12-19T13:10:03Z
dc.date.available2014-12-19T13:10:03Z
dc.date.created2014-09-09nb_NO
dc.date.issued2014nb_NO
dc.identifier744888nb_NO
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/244371
dc.description.abstractI denne oppgåva har eg intervjua fire jenter som vekslar mellom (minst) to norske talemål i kvardagen. Studien min er interaksjonell og med ei fenomenologisk tilnærming. Det betyr at eg har teke utgongspunkt i korleis informantane opplever sin eigen språklege røyndom, heller enn i strenge lingvistiske definisjonar og kriterium. Målet med oppgåva var å ta del i desse opplevingane, og slik forstå meir av samanhengen mellom bidialektisme og identitet. Slik eg ser det, har ein ved å undersøkje norske bidialektale gode moglegheiter for å «sjå» ein flik av språkets symbolverdi, sidan nordmenn ikkje kan seiast å ha reint kommunikative insentiv for å kodeveksle mellom dialektar. Eg har mellom anna brukt markertheitsteorien, akkomodasjonsteorien, purismeteori og forskjellige teoriar om identitet, identitetsforhandlingar og omgrepet «autentisering» for å kaste lys over og prøve å forklare dei språklege vala til informantane mine. Sidan studien min undersøkjer individ, har eg fått mange og ulike svar på spørsmåla eg har stilt. Det er vanskeleg å konkludere med noko fast på eit slikt fundament. Det finst likevel grunnlag for ei analytisk generalisering, og i det følgjande vil eg presentere nokre av funna mine. I intervjua snakka vi om sambandet mellom dialektane og informantane si tilhøyrsle til staden dialekta kjem frå, om status, stereotypiar, relasjonar, «ektheit» og skuldkjensle. Alle informantane hadde ei klar kjensle av kodevekslinga av og til er «feil». Det å snakke «feil» dialekt med «feil» person er ikkje ein ynskjeleg situasjon for nokon av dei, men dei rapporterte ulik styrkegrad i reaksjonane på ein slik situasjon. Dei har alle til felles at dei ikkje kan tenkje seg å snakke feil dialekt med Mor, sjølv om dei her også har ulike kjensler for ein slik situasjon. Nokre reagerer med sterke kjensler av skam og ubehag, medan andre ikkje har det på same måten. Likevel ville alle unngå det. Det kom også fram at informantane meinte at ei kodeveksling både kunne ha ein inkluderings- og ein ekskluderingsfunksjon. Det er tilsynelatande ein sterk samanheng mellom den bidialektale si kodeveksling og identitetskjensle, relasjonar og roller. Eg vel derfor å kalle dei to dialektane til ein norsk bidialektal for relasjonsmarkørar. nb_NO
dc.languagenornb_NO
dc.publisherNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Det humanistiske fakultet, Institutt for språk og litteraturnb_NO
dc.title«Eg er berre bergensar når eg snakkar med systera mi»: Ein kvalitativ studie av samanhengen mellom identitet og talemål hos bidialektalenb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber98nb_NO
dc.contributor.departmentNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Det humanistiske fakultet, Institutt for språk og litteraturnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail
Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel