Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorVatn, Gunhild Åmnb_NO
dc.contributor.authorRunde, Yngvil Amelia Osdalnb_NO
dc.date.accessioned2014-12-19T13:09:46Z
dc.date.available2014-12-19T13:09:46Z
dc.date.created2014-01-17nb_NO
dc.date.issued2013nb_NO
dc.identifier688605nb_NO
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/244270
dc.description.abstractFaget språkleg kommunikasjon blir skildra med følgjande mål på ntnu.no: "Faget er rettet mot å videreutvikle og forandre eksisterende praksiser, blant annet i arbeidsliv og utdanning." Sjå for deg at du skal forfatte ei tekst til tusenvis av lesarar. Kva må du gjere for å få lesarane på kroken? Kva må til for å gjere ei tekst engasjerande? I denne avhandlinga ser eg på kva som kjenneteiknar engasjerande tekst, med utgangspunkt i givarbrev frå Norges Røde Kors. Rammeverket for avhandlinga består av blant anna retorisk teori, eit dialogisk syn på kommunikasjon og eit sosialkonstruksjonistisk perspektiv på verda. Materialet mitt består av fem tekster henta frå fem ulike givarbrev frå Norges Røde Kors. Tekstene blir analyserte med element frå diskursanalyse og retorisk analyse. Det multimodale aspektet ved tekstene er òg ein del av analysen. Funna frå analysen kan gi peikepinnar på kva endringar som bør gjerast for å skrive betre tekster, og vil kunne fortelje noko om mekanismane knytte til blant anna argumentasjon og mottakarbevisstheit i skriveprosessar. Eit av måla med avhandlinga er å omsetje teori til praksis, der spesielt retorisk teori blir nytta som praktiske metodar for å undersøke og forstå korleis ei tekst fungerer. I innleiinga presenterer eg ei rekke problemstillingar knytte til kva det er som kjenneteikner ei engasjerande og lett forståleg tekst. Vidare nyttar eg analysekategoriar som blant anna tek for seg korleis forfattaren forsøker å skape truverd, og i kva grad tekstene inneheld ord og omgrep frå ekspertvokabular. I drøftinga og konklusjonen oppsummerer eg funna frå analysen, og svarar på problemstillingane.nb_NO
dc.languagenornb_NO
dc.publisherNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Det humanistiske fakultet, Institutt for språk og litteraturnb_NO
dc.titleKva kjenneteiknar ein engasjerande tekst?: Eit retorisk studium av Norges Røde Kors sine givarbrevnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber128nb_NO
dc.contributor.departmentNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Det humanistiske fakultet, Institutt for språk og litteraturnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel