Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorKjelen, Hallvardnb_NO
dc.date.accessioned2014-12-19T13:09:39Z
dc.date.available2014-12-19T13:09:39Z
dc.date.created2013-11-27nb_NO
dc.date.issued2013nb_NO
dc.identifier667766nb_NO
dc.identifier.isbn978-82-471-4713-9 (trykt utg.)nb_NO
dc.identifier.isbn978-82-471-4714-6 (elektr. utg.)nb_NO
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/244244
dc.description.abstractAvhandlinga Litteraturundervisning i ungdomsskulen. Kanon danning og kompetanseer ei kvalitativ undersøking som gjev kunnskap om korleis og kor ulikt norsklærarar snakkar om litteratur og litteraturens plass i norskfaget. Den overordna problemstillinga for avhandlinga har vore: Kva syn på litteratur og danning avteiknar seg i norsklærarars forteljingar om eigen litteraturdidaktiske praksis? Denne problemstillinga har eg freista å svare på frå fleire vinklar, og ved hjelp av fem konkrete forskingsspørsmål. Det empiriske materialet som ligg til grunn for avhandlinga er dei fire siste læreplanane for grunnskulen og intervju av 18 lærarar ved 10 ulike skular i Nordland. Analysane av desse og gjennomgang av annan forsking, viser at det litteraturdidaktiske feltet er i rørsle og gjev rom for mange ulike posisjonar. Den rørsla som finst innanfor det norskdidaktiske feltet no, heng saman med den utvidinga av norskfagets område og endringa av fagets føremål som blir reflektert i planverka. Avhandlinga drøftar omgrep som kultur, kulturalisering, kanon og litterær kompetanse, og stiller spørsmål som handlar om fagleg kjerne, faggrensar, legitimering av litteraturundervisning og utvikling av ulike lesemåtar. På skulenivået ser den litteraturdidaktiske diskursen ut til å vere open. Forskjellane mellom ulike skulekulturar kan vere store. Blant lærarane i denne undersøkinga herskar det tvil om korleis ein skal formulere kva som er kjernen i norskfaget etter innføringa av Kunnskapsløftet. Ein strategi som kjem til syne i materialet er å halde fast i ein fagkonstruksjon som var tydeleg i den førre læreplanen for grunnskulen. Dermed set ein Kunnskapsløftets literacy-fokus i parentes, men gjev fagkonstruksjonen ved skulen ein tydeleg profil. Ein annan strategi er å opne faget opp for nye teksttypar, medium og arbeidsmåtar. Ei problematisk side ved denne strategien er at faget misser noko av den tydelege profilen den første strategien gav, ettersom det framleis ser ut som om lærarane ikkje har eit klart grep om kva norskfaget som literacy-fag skal vere. Lærarane legitimerer litteraturundervisningas plass i skulen og i norskfaget på ulike måtar. Det ser ut til at dei lærarane som er mest kritiske til Kunnskapsløftet, og gjerne tek ein konservativ posisjon, legg større vekt på at litteraturen skal fungere som sosialt lim og danne grunnlag for diskusjonar om samfunn og historie. Lærarane grunngjev utval av litterære tekstar til undervisninga på mange forskjellige måtar, men kvardagsteoriar om kva som kjem til å fungere og fengje i klasserommet er særleg viktige for utvalet. Det finst fleire ulike oppfatningar om kva det vil seie å lære å lese litteratur. Omgrepet litterær kompetanse er lite kjent blant lærarane; teoriar om leseutvikling meir generelt, er i større grad kjende.nb_NO
dc.description.abstractThe thesis Litteraturundervisning i ungdomsskulen. Kanon danning og kompetanseis a qualitative study that gives knowledge about how and how differently teachers talk about literature and literature's place in the subject Norwegian. The dissertation's main issue is: Which view of literature and Bildung emerges in teachers' stories about their own didactic practice? I have tried to answer this question from different angels using five different research questions. The empirical material that form the basis for the thesis is the last four curricula and interviews of 18 teachers from 10 different schools in Nordland. The analysis shows that the field allow for many different positions. The thesis discusses concepts such as culture, canon and literary competence, and it asks questions on subject boundaries, legitimation of literature teaching and development of various ways of reading. The differences between school cultures can be large. Among the teachers in this study it prevails doubt about how to formulate what the core of the subject of Norwegian may be after Kunnskapsløftet. A strategy that appears in the material is holding on to an understanding of the subject that was evident in the previous curriculum. This puts Kunnskapsløftets literacy focus in parentheses, but gives the subject a clearer profile. Another strategy is to open up the subject for new text types, media and methods. Teachers legitimizes the position of literature teaching in different ways. It appears that the teachers who are most critical to Kunnskapsløftet emphasizes that literature should serve as social glue and form the basis for discussions on society and history. Teachers explain the selection of texts for teaching in different ways, but everyday theories about what is going to work in the classroom is especially important for the selection. There are several different notions of what it means to learn to read literature. The concept of literary competence is little known among teachers; theories of reading development generally are more familiar.nb_NO
dc.languagenornb_NO
dc.publisherNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Det humanistiske fakultet, Institutt for språk og litteraturnb_NO
dc.relation.ispartofseriesDoktoravhandlinger ved NTNU, 1503-8181; 2013:291nb_NO
dc.titleLitteraturundervisningi ungdomsskulen: Kanon, danning og kompetansenb_NO
dc.typeDoctoral thesisnb_NO
dc.contributor.departmentNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Det humanistiske fakultet, Institutt for språk og litteraturnb_NO
dc.description.degreePhD i språkvitenskapnb_NO
dc.description.degreePhD in Language and Linguisticsen_GB


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel