Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorMæhlum, Britnb_NO
dc.contributor.authorFivelstad, Idunnb_NO
dc.date.accessioned2014-12-19T13:08:01Z
dc.date.available2014-12-19T13:08:01Z
dc.date.created2012-11-26nb_NO
dc.date.issued2012nb_NO
dc.identifier571920nb_NO
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/243852
dc.description.abstractSiktemålet med denne studien har vore å sjå på språklege tilhøve blant ungdom i Rindal kommune, der både konkrete språklege forhold og haldningar og synspunkt til eigen dialekt har stått i fokus. Rindal kommune er ei lita bygd aust på Nordmøre i Møre og Romsdal fylke, om lag ti mil frå trønderhovudstaden Trondheim. Sjølv om Rindal geografisk er lokalisert på Nordmøre, blir rindalsdialekten normalt klassifisert som trøndersk, og rindalingane går under nemninga ”reservetrønderar”. Det empiriske materialet er hovudsakleg kvalitative forskingsintervju med sju hovudinformantar. Desse informantane vart plukka ut etter at eg gjennomførte ei spørjeundersøking med 60 elevar ved 9. og 10. trinn ved Rindal skule i januar 2012. I tillegg til at spørjeundersøkinga fungerte som eit reiskap til å plukke ut hovudinformantar, har eg også bruka opplysningar frå undersøkinga med dei resterande informantane elles i analysen. Ved å kvantifisere språklege variablar hos dei sju hovudinformantane har eg funne ut kva språktrekk som ser ut til å halde seg stabile og kva språktrekk som får nye former. Basert på desse undersøkingane verkar endringsraten i rindalsdialekten å vere lågare enn på Røros, Tynset og Oppdal. Rindal kan på mange måtar samanliknast med Tydal, då det også der verkar å vere relativt stor grad av språkleg stabilitet. Både Rindal og Tydal kan karakteriserast som lukka språksamfunn, som tyder at samfunnet i stor grad er prega av språkleg homogenitet. Eg har forsøkt å forklare språkleg stabilitet i ljos av eit sterkt og solidarisk identifikasjonsfellesskap blant ungdommane i Rindal, der bygda og dialekten er viktige faktorar i dette fellesskapet. Ungdommane hadde berre positive merknadar å fortelje om både dialekten og bygda. Eg har samstundes argumentert for at ein større grad av utflytting enn tilflytting har vore med på å konservere dialekten. Samanlikna med tidlegare, ser det likevel ut til at rindalsdialekten har endra seg hurtigare dei seinare åra. Her har eg trekt fram fenomena modernitet og urbanisering som forklaringsfaktorar for dei nye og modifiserte variantane som førekjem i materialet mitt. Det er vanskeleg å avgjere kva for varietetar eller dialektområde som har størst påverknadskraft på rindalsdialekten. Eg har avslutningsvis diskutert om regionalisering og standardisering har påverka målet i bygda. Der formene i ein trondheimsnær varietet er isomorfe med eit søraustnorsk talemål, er sjansane også størst for at formene blir tekne opp i rindalsmålet. Eg finn likevel ikkje døme på modifisering mot standardformer av variantar som ikkje òg er i bruk i ein trondheimsnær varietet.nb_NO
dc.languagenornb_NO
dc.publisherNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Det humanistiske fakultet, Institutt for nordistikk og litteraturvitenskapnb_NO
dc.title”Det e nå bærre gøittj at dæm tykkje det e litt toille”: Ein sosiolingvistisk studie av talemålet til ungdom i Rindalnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber59nb_NO
dc.contributor.departmentNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Det humanistiske fakultet, Institutt for nordistikk og litteraturvitenskapnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel