Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorJohansen, Ingernb_NO
dc.date.accessioned2014-12-19T13:07:59Z
dc.date.available2014-12-19T13:07:59Z
dc.date.created2012-08-24nb_NO
dc.date.issued2006nb_NO
dc.identifier546739nb_NO
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/243835
dc.description.abstractI denne masteravhandlinga gjer eg ein freistnad på å dokumentere og å forstå den språklege revitaliseringsprosessen av sørsamisk språk. Eg har teke i bruk kjeldemateriale om det sørsamiske samfunnet, og eg har gjennomført intervju med sørsamar. Fem unge sørsamar er primærinformantar, og to eldre sørsamar i besteforeldregenerasjonen har fungert som bakgrunnsinformantar. Eg har medvite plukka ut informantar som er aktive i høve til oppretthaldinga av sørsamisk språk og kultur nettopp for å kunne skildre tendensane i revitaliseringsprosessen der han truleg er mest positiv. På denne måten gjev ikkje denne avhandlinga eit fullstendig bilete av heile det sørsamiske språksamfunnet, men ho viser fram det mest positive, og dermed kanskje det viktigaste utsnittet. Analysen er delt inn i to delar: ein på makronivå og ein på mikronivå. Makroanalysen er bygd opp etter etnolingvistisk vitalitetsmodell, som er ein modell over dei viktigaste faktorane for oppretthalding av minoritetsspråk. Her er det bruka ei blanding av skriftlege og munnlege kjelder for å kommentere dei ulike faktorane. Denne analysen dannar eit breitt men overflatisk bilete av stoda for sørsamisk språk i dag, og han skildrar hovudtendensane i revitaliseringa. I mikroanalysen kjem vi mykje tettare inn på revitaliseringsprosessen, og historiene til dei som ønskjer å bruke språket og hindre at det døyr ut, kjem fram. I analysen kjem det fram at informantane opplever at det er ein barriere ein må koma over for å revitalisere språket. Med grunnlag i dei kvalitative intervjua har eg skildra kva denne barrieren går ut på, og kva som skal til for å koma over han. I mangelen av teoriar om revitalisering av språk, har eg lagt fire kategoriar til grunn for forståinga av prosessen. Desse er språkleg praksis og språkleg purisme på den eine sida, og stigmatisering og sjølvidentifisering på den andre sida.nb_NO
dc.languagenornb_NO
dc.publisherNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Det humanistiske fakultet, Institutt for nordistikk og litteraturvitenskapnb_NO
dc.title« Det er ikkje eit museumsspråk – det har noko med framtida å gjera »: ei sosiolingvistisk undersøking av revitaliseringa av sørsamisknb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.contributor.departmentNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Det humanistiske fakultet, Institutt for nordistikk og litteraturvitenskapnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail
Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel