Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorÅfarli, Tor Andersnb_NO
dc.contributor.authorDørum, Ingrid Flatebønb_NO
dc.date.accessioned2014-12-19T13:07:56Z
dc.date.available2014-12-19T13:07:56Z
dc.date.created2012-06-12nb_NO
dc.date.issued2012nb_NO
dc.identifier532803nb_NO
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/243812
dc.description.abstractDenne oppgåva tar føre seg innleiarorda i norske munnlege adverbiale leddsetningar som stort sett er eksplikative. Innleiarorda er ei variert gruppe. I deskriptive grammatikkar blir innleiarorda delte inn etter kva funksjon setninga dei innleier har i relasjon til oversetninga. Innleiarorda kan uttrykkja at leddsetninga inneheld ei årsak til, ei følgje av, eit føremål for, eit vilkår for, eller ei vedgåing av innhaldet i oversetninga. Prosjektet til denne oppgåva er å koma fram til ei formell inndeling av dei adverbiale innleiarorda. For å oppnå ei slik inndeling, nyttar eg eit generativt rammeverk og forsøkjer å laga ein modell av dei underliggjande strukturane i språket som genererer dei ulike innleiarorda. Hovudproblemet i oppgåva har å gjera med leddsetningar som er innleidde med meir enn eitt ord. Den generative teorien har ein velfungerande modell for leddsetningar som er innleidde med ein enkel subjunksjon, men ikkje noko tilsvarande løysing for dei komplekse setningsinnleiarane vi finn i norsk. Eg gir eit oversyn over ein del adverbiale leddsetningskonstruksjonar i kapittel 3. Dei er henta frå Nordic Dialect Corpus, og er spontantale frå norske språkbrukarar. Oversynet viser at adverbiale setningsinnleiarar kan vera i form av ein enkel subjunksjon, eit finitt verb (i vilkårssetningar), ein tilsynelatande adverbfrase med ein (ofte) fakultativ, etterstilt subjunksjon, ein tilsynelatande preposisjonsfrase med ein (ofte) fakultativ, etterstilt subjunksjon, eller eit adverb følgt av ein kv-frase (i vedgåingssetningar. Desse er implikative). Kapittel 4 argumenterer for ulike generative analysar for dei nemnte hovudtypane av innleiarord. Eg nyttar uttrekking som metode, og baserer argumentasjonen på prinsippet om relativisert minimalitet. Ei akseptabilitetsundersøking viser at uttrekk av direkte objekt frå adverbiale leddsetningar er muleg, trass i at adverbiale leddsetningar er adjungerte strukturar. Eg viser at ein enkel CP er nok i mange tilfelle, argumenterer for ein eigen analyse for dei preposisjonsinnleidde leddsetningane, og eg føreslår ein modell der CP kan splittast for å gi rom for dei komplekse innleiarelementa som inneheld anten to subjunksjonar eller ein subjunksjon og eit anna adverbialt innleiarelement. I desse analysane vil spes-CP vera ein ledig mellomlandingsplass for uttrekk. Data frå implikativsetningar sannsynleggjer analysen ved at uttrekk frå adverbiale leddsetningar med intern tematisering ser ut til å vera dårlegare enn uttrekk frå eksplikativsetningar.nb_NO
dc.languagenornb_NO
dc.publisherNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Det humanistiske fakultet, Institutt for nordistikk og litteraturvitenskapnb_NO
dc.titleEg aksepterer setninga for det om at den er litt rar: Ein generativ analyse av subjunksjonssystemet i adverbiale leddsetningarnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber93nb_NO
dc.contributor.departmentNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Det humanistiske fakultet, Institutt for nordistikk og litteraturvitenskapnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail
Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel