Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorAaslestad, Petternb_NO
dc.contributor.authorVatneødegård, Line Morknb_NO
dc.date.accessioned2014-12-19T13:07:53Z
dc.date.available2014-12-19T13:07:53Z
dc.date.created2012-05-09nb_NO
dc.date.issued2012nb_NO
dc.identifier525851nb_NO
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/243793
dc.description.abstractI avhandlinga mi har eg gjort ei studie av den impresjonistiske stilen i Herman Bang sin roman Ved Vejen. Dette er ein roman som er svært kjend, og som det er gjort mykje forskning på før. Store delar av forskninga har tatt for seg dei tematiske sidene ved romanen. Eg vel difor å bruke teoretikaren Sven Møller Kristensen sin teori om impresjonisme for å sjå nærmare på ulike stiltrekk. I første kapittel skriv eg innleiiande om Herman Bang og han sine synspunkt på realisme og impresjonisme. Eg legg fram problemstillinga mi, og grunngjev kvifor eg har valt å ha fokus på stil. I kapittel to ser eg nærmare på kontekst rundt romanen; Herman Bang sitt forord til den, meldingar av romanen i samtida, samt filmatiseringa. Forteljarstemma vert studert i kapittel tre, før eg ser nærmare på samanlikningar, besjeling og adjektivbruk i kapittel fire. I kapittel fem ser eg på impresjonistiske stiltrekk som pronomena "Man" og "Noget", før eg i kapittel seks tek for meg substantivering av verb, impresjonistiske verb, samt vekslinga mellom preteritum og historisk presens. Med å bruke Kristensen sin teori får eg vist dei mange ulike impresjonistiske stiltrekka som finns i Ved Vejen, og eg vist korleis dette igjen kan vere med på å seie noko om det tematiske. I kapittel sju endrar eg vinkling på oppgåva, og går frå det stilistiske til det narratologiske. Her såg eg nærmare på kronologi og frekvens, før eg i kapittel åtte studerte samanhengen mellom hurtigheit og songutdrag frå romanen. I kapittel ni ser eg på ytre detaljar som psykofysiologiske reaksjonar, klesplagg og natur. Eg trekkjer her inn ny teori, før eg i avsluttninga igjen understrekar at mitt må med oppgåva er å få vist fram Bang sin stil ved å bruke Kristensen sitt narratologiske verkty.nb_NO
dc.languagenornb_NO
dc.publisherNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Det humanistiske fakultet, Institutt for nordistikk og litteraturvitenskapnb_NO
dc.title"Strø sukker, du brunøjede" -Impresjonisme i Ved Vejen av Herman Bangnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber98nb_NO
dc.contributor.departmentNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Det humanistiske fakultet, Institutt for nordistikk og litteraturvitenskapnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel