Dataspelet Civilization IV som utgangspunkt for undervisning i samfunnsfag, engelsk og norsk. - Ei studie av eit spel-basert undervisningsopplegg ved Nordahl Grieg vidaregåande skule i Bergen
Master thesis
View/ Open
Date
2014Metadata
Show full item recordCollections
- Institutt for lærerutdanning [3830]
Abstract
I denne studia vert det presentert ein kvalitativ undersøking av undervisningspraksisen knytt til spel-basert læring i samfunnsfag, engelsk og norsk ved Nordahl Grieg vidaregåande skulei Bergen. Gjennom observasjon av undervisning og intervju av lærarar ved skulen har eg freista å utvide forståinga av ein lite utforska undervisningsmetode i norsk og til dels internasjonal samanheng. Bakgrunn min er prega av interesse og erfaring knytt til dataspel, og særskilt til den store mengda kunnskap eg sjølv følte dataspel kunne gje meg. Som lærar har desse tankane vara ved, og eg ynskjer at andre skal få oppleve denne læringa.Sidan forskingsfeltet var relativt lite ynskja eg å tilnærma meg praksisfeltet med eit breitt utgangspunkt. Dette har resultert i ei problemstilling som understreker den vide tilnærminga: «Korleis har lærarane ved Nordahl Grieg vidaregåande skulebrukt dataspel som metode i undervisninga?» Oppgåva vil freiste å svare på korleis planlegging, gjennomføring og evaluering av opplegget har vore, etter at prosjektet med Civilization IVhar vore gjennomført ved skulen i undervisningsåra 2012/2013 og 2013/2014. Her vil underspørsmål som «kva aspekt ved dataspel gjer at det kan vera læring i å bruke dataspel i undervisning?», og «kva lærdom og erfaring frå prosjektet kan ein ta med seg til andre prosjekt, eller skulen som heilheit?» tydeleggjere tilnærminga til prosjektet. Funna i oppgåva knyt seg i stor grad til korleis prosjektet har vorte initiert, planlagt, gjennomført og evaluert. Funna knyt seg spesielt til lærarføresetnader, men og til andre faktorar som har relevans for didaktikken. Bruken av spel-basert undervisningsmetode tek sikte på å ta i bruk aspekt ved dataspel som kan vera positive med tanke på læring. Aspekta er knytt til mål, belønning, motivasjon og forståing gjennom erfaringslæring. Skulen legg tydeleg til rette for at lærarane kan nytte spel-basert undervisning som metode. This paper presents a qualitative research study based on the game-based learning practice in the subjects:Social studies, English and Norwegian at Nordahl Grieg videregåande skule in Bergen, Norway. Using observation of classroom practice and interviewing the teachers involved,I attempt to widen the understanding of an area which has limited scientific knowledge both in Norway and abroad. The interest and experience I personally have gained from playing computer games relates to the significant quantum of knowledge I felt computer games were able to present to me in my own history. As a teacher these thoughts have sustained, and I wanted others to be able to experience this learning. Due to the relatively small academic field connected to game-based studies I approached this study with a broad point of view. The following research question is a result of this. “How have the teachers practiced using CivilizationIV as a game-based method?” related tothedevelopment, execution and evaluation process followingthe method.The research questions “What aspects of computer games can be used in attempt to relate them to learning in the classroom?”, and “What experiences can be used from this project in relation to other projects and the school system in general?” tries to expand the point of view.The findings in this study relates to the planning, execution and evaluation process of the project. The teachers in particular are found to be important, and finding also point to the importance of aspects in computer games, such as goals, rewards, motivation and understanding through learning by experience. The school itself ensures that teachers are given opportunities for practicing game-based studies in the classroom.