Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSolheim, Randinb_NO
dc.date.accessioned2014-12-19T13:07:32Z
dc.date.available2014-12-19T13:07:32Z
dc.date.created2007-06-18nb_NO
dc.date.issued2006nb_NO
dc.identifier122433nb_NO
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/243673
dc.description.abstractDette er ei avhandling om dialektkontakt og talemålsendring, og om dei gjensidige banda mellom sosiokulturelle og språklege endringsprosessar. Arenaen er industrisamfunnet Høyanger som blei etablert i 1916, og som raskt voks frå å vere ei lita jordbruksgrend til å bli ein moderne industristad. Her møttest innflyttarar med ulik geografisk, sosial og kulturell bakgrunn, og forma eit nytt samfunn, ein ny industristadskultur og ein særeigen dialekt. Talemålsutviklinga kan sjåast som eit konstituerande element i desse prosessane, då etableringa av ei felles språkleg referanseramme i seg sjølv bidreg til å skape ein samlande kultur. Den dialekten som etter kvart utkrystalliserte seg, representerer ei samansmelting av språktrekk frå ulike tider, stader og miljø, og er såleis ein viktig berar av staden si historie, så vel som av den nye lokale identiteten. Høyanger er ein vidgjeten stad i sosiolingvistisk samanheng, og både i norsk og internasjonal faglitteratur blir det vist hit for å illustrere korleis ein ny dialekt kan vekse fram som følgje av omfattande innflytting og intensiv dialektkontakt. Likevel er det ikkje tidlegare publisert større språkgranskingar herifrå. Denne avhandlinga tek utgangspunkt i teoriar om koinéforming, som grovt sagt skildrar framveksten av nye dialektar – frå ein innleiande kontaktfase, via ein språkleg kaosperiode, til ny konsolidering – og granskar korleis desse endringsprosessane gjorde seg gjeldande i Høyanger. Kombinasjonen av eldre talemålsmateriale frå ulike utviklingssteg og materiale frå eige feltarbeid gjer at diakrone og synkrone så vel som kollektive og individuelle perspektiv utfyller kvarandre. Spesielt har språkstrategiane til dei eldste informantane og skildringar av sosiale forhold i det unge industrisamfunnet medverka til å kaste lys over utviklinga, og over faktorar som styrer språkvala på det komplekse andrestadiet i koinéforminga. Erfaringane frå granskinga viser også korleis språkendringane må sjåast i lys av særdrag ved staden og dei involverte språkbrukargruppene. I Høyanger var nokre av dei endringsmekanismane som vanlegvis verkar i koinéforming, underordna lokale og sosiokulturelle forhold. Språklege forhandlingar og kompromissdanningar førde elles talemålsutviklinga i fleire retningar langs ein akse frå tradisjonelt bygdemål på den eine sida og standardnær austnorsk på den andre. Her er banda til skiftande sosiale forhold, ulike sosialiseringsmønster og statusendringar heile tida tydelege. Gjentekne gonger viser utviklingslinene korleis språket først blei standardisert som resultat av påverknad frå prestisjetunge dialektar, før fleire lokale variantar igjen blei tekne opp i neste fase. Nokre tradisjonelle språktrekk blei også reallokerte, og fekk ei ny sosial meining i det nye industrisamfunnet. Den lokale vendinga i språkutviklinga og utkrystalliseringa av den nye dialekten skjedde parallelt med at dei sosiale skiljelinene løyste seg opp, og samfunnet fann sin posisjon i regionen. Dagens høyangermål står ikkje fram som like spesielt som før, og dei språklege forskjellane mellom industristaden og omlandet synest også å ha jamna seg noko ut. Det skuldast at effektane av den spesielle språkkontaktsituasjonen ikkje lenger gjer seg like sterkt gjeldande, ettersom innbyggjarane i høyangersamfunnet har opparbeidd seg nye geografiske røter og ein normal sosial kontinuitet. I dag blir Høyanger råka av dei same språklege standardiserings- og regionaliseringsprosessane som områda ikring. Men sjølv om resultata dels kan vere samanfallande fleire stader, er Høyanger framleis eit særeige språksamfunn, forma av ei spesiell språkleg og kulturell historie.nb_NO
dc.languagenornb_NO
dc.publisherDet historisk-filosofiske fakultetnb_NO
dc.relation.ispartofseriesDoktoravhandlinger ved NTNU, 1503-8181; 2006:165nb_NO
dc.titleSpråket i smeltegryta. Sosiolingvistiske utviklingsliner i industrisamfunnet Høyangernb_NO
dc.typeDoctoral thesisnb_NO
dc.contributor.departmentNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Det humanistiske fakultet, Institutt for nordistikk og litteraturvitenskapnb_NO
dc.description.degreedr.art.nb_NO
dc.description.degreedr.art.en_GB


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel