Fysikkelevar møter kvantefysikk - Ein studie om røntgen og ReleKvant sin nettbaserte undervisingressurs, for Fysikk 2
Master thesis
Date
2016Metadata
Show full item recordCollections
- Institutt for lærerutdanning [3289]
Abstract
Denne oppgåva er eit delprosjekt innan forskings- og utviklingsprosjektet ReleKvant, eit prosjekt som utviklar nettbaserte undervisingsressursar tilpassa kompetansemåla for kvantefysikk og relativitetsteori i programfaget Fysikk 2.Oppgåva handlar om å få kjennskap til kva forståing, førestillingar og faglege utfordringar elevar har innan røntgenstråling, ved å undersøkje Fysikk 2-elevar. Oppgåva vil også handle om å utvikle ReleKvant sin multimodal undervisingsressurs, ved å undersøkje Fysikk 2-elevar og førsteårs-universitetsstudentar. Det empiriske grunnlaget for denne undersøkinga er skriftlege elevresponsar frå arbeid med ressursane, tre intervju med studentar og to gruppeintervju med elevar. Analysen av datamaterialet leia fram til fire utfordringar elevar har innan røntgenstråling, samt fleire essensielle tilbakemeldingar for vidareutvikling av undervisingsressursen.Resultata tyder på at elevane har mange små misoppfatningar innan røntgen. Til dømes forveksla elevar ord som lys med røntgenstråling og elektron med røntgenstråling. Det tyder på at elevar ikkje brukar nok tid på fagstoffet, går lite i djupna, og oppnår dermed ikkje god nok forståing av røntgen. Til dømes tyder det på at elevar slit med å forstå kva gjennomtrengingsevna til røntgenstråling er, og korleis røntgenstråling oppstår. Resultata tyder på at elevane og studentane generelt er positive til ReleKvant sin multimodale undervisingsressurs. Tilbakemeldingane frå elevane og studentane tyder på at modulen om røntgen nesten er ferdig, men der er fleire små endringar som kan gjere ressursen endå betre. Med bakgrunn i resultata trekk eg inn tydinga for moderne fysikk i læreplanen, og anbefalingar for vidareutvikling av ressursen.