Lukka flaumløp med sidekanal: Utforming av innløp til sjakt / skråtunnel
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/242414Utgivelsesdato
2013Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Det har tidlegare vore utført modellforsøk som har studert kapasiteten til sidekanalen i eit lukka flaumløp. Denne oppgåva har til hensikt å fortsetje arbeidet, og fokuserer på kapasiteten i overgangen mellom sidekanal og tunnel.For å kunne undersøke kapasiteten så grundig som mogleg vart det utvikla ein modulbasert modell, som tillet systematisk variasjon av horisontalvinklar, vertikal vinklar og utviding av sidekanal. Alle delar kan stillast inn med stor grad av nøyaktigheit. Med denne grada av fridom i modellen, vart det mogleg å undersøke enkelte parameterar i forsøka. sidan alle forsøka vart gjort slik at dei har eit søsterforsøk med berre ein parameter i forskjell, er det mogleg å undersøke kva verknad kvar enkelt parameter har på kapasiteten.Kapasiteten i overgangen mellom sidekanalen og avløpskanalen i modellen vart undersøkt ved å justere horisontalvinklar og vertikal vinklar separat. Slik at dei enkelte parameterane i så stor grad som mogleg kunne isolerast, og undersøkast.Det teoretiske grunnlaget for å berekne kapasiteten i eit overløp er noko avgrensa. Derfor vart resultata frå modellforsøket samanlikna med likningar for berekning av kulvertkapasitet.Resultatet frå modellforsøket viser at den beste utforminga er så slak horisontal overgang frå sidekanaltverrsnittet til tunnel tverrsnitt som mogleg. Den vertikale vinkelen på avløpet bør vere så bratt som mogleg, men ikkje brattare enn 45°.Dette er ikkje heilt i samsvar med kulvertberekningane, men resultata viser at berekningsmåten kan tilpassast til eit lukka flaumløp.For flaumløpet på Helgedalsdammen vert det vurdert at det ikkje kan trekkast nokon siker konklusjonar frå dei generelle modellforsøka utan å verifisere dei i eigne modellforsøk av det aktuelle flaumløpet.