• norsk
    • English
  • English 
    • norsk
    • English
  • Login
View Item 
  •   Home
  • Fakultet for samfunns- og utdanningsvitenskap (SU)
  • Institutt for pedagogikk og livslang læring
  • View Item
  •   Home
  • Fakultet for samfunns- og utdanningsvitenskap (SU)
  • Institutt for pedagogikk og livslang læring
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Vaksenrolla i utetida i barnehagen : ei kvalitativ studie av ei vaksne si oppleving av si eiga rolle i utetida

Leine, Camilla Ingebrigtsen
Master thesis
View/Open
Masteroppgave (Locked)
URI
http://hdl.handle.net/11250/2421106
Date
2016
Metadata
Show full item record
Collections
  • Institutt for pedagogikk og livslang læring [1891]
Abstract
Denne studien med temaet ”Vaksenrolla i utetida i barnehagen”, forsøker å gi eit svar på korleis dei vaksne opplev si eiga rolle i utetida. Eg har valt å gjere ei kvalitativ studie for å finne svar på problemstilling og forskingsspørsmål, der eg har observert og intervjua fem ansatte i ein barnehage på Vestlandet. Eg har forsøkt å finne ut korleis dei opplev si eiga rolle i utetida, på kva måte dei er deltakande i utetida og korleis dei opplev å delta i barna sin leik i utetida. Studien er skriven ut ifrå eit vaksenperspektiv der personalet si stemme er belyst. Målet med studien er å rette fokus mot personalet si rolle i barnehagen, og for å bli meir bevisst på denne rolla i utetida. Eg er interessert i personalet sine personlege synspunkt og refleksjonar, og valte derfor å observere handlingane deira og å gjere intervju for å få fram tankane deira. Rolla til den vaksne er like viktig både ute og inne, men vil i utetida få ein meir overvakande posisjon på grunn av at barna oftare får større spelerom til å halde på med eigen frileik, og på grunn av t.d. pauseavvikling som fører til færre vaksne. Målet er ikkje å vere kritisk til pauseavviklinga i barnehagen, men å drøfte korleis denne kan vere med på å påverke rolla til personalet som er igjen, og om dette også vil ha innverknad på barna sin leik.

Eli Åm (1984; 1986) og Margaretha Öhman (2012) sine studiar er sentrale i denne studien, samt Trond Løge Hagen (2015) og Kathrine Bjørgen (2006; 2012; 2015) sine studiar. Åm argumenterar for at dei vaksne må la seg invitere inn i leik for å bli invitert av barna. Dersom ein som vaksen ikkje viser at ein er interessert, vil ikkje barna få inntrykk av den vaksne som leikande. Osnes, Skaug og Kaarby (2015) viser til fem roller eller posisjonar den vaksne kan innta i leiken med barna: leikekamerat, veiledar, tilskodar, parallell-leikar og igongsetjar. Dette er roller som vil vere sentrale utover i studien.

Mine funn tyder på at personalet i barnehagen har mange praktiske og administrative oppgåver som skal gjerast i tillegg til å vere saman med barna, der mange av desse oppgåvene (eks. pause, opprydding og førebuing av måltid) vert lagt til utetida. Dette fører til at dei vaksne tek observasjonsrolla i utetida, på grunn av at det vert færre vaksne til stades, spesielt i starten av utetida. Dette krev at dei vaksne er både fysisk og mentalt til stades, og har kompetanse til å vurdere på kva måte og når det er nødvendig å involvere seg i leiken til barna.
Publisher
NTNU

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit
 

 

Browse

ArchiveCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournalsThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournals

My Account

Login

Statistics

View Usage Statistics

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit