Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorLunde, Kirsti
dc.date.accessioned2016-01-25T12:00:39Z
dc.date.available2016-01-25T12:00:39Z
dc.date.issued2015
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2374720
dc.description.abstractI denne oppgåva har eg undersøkt grammatisk kompleksitet. Nærare bestemt har eg undersøkt kva kompleksiteten til nynorsk og bokmål består av, og korleis eit måleverktøy for språkleg kompleksitet bør vere utforma. Eg har valt å nytte generativ grammatikk som teorigrunnlag. Generativ grammatikk skil det produserte språket frå prosessane som ligg til grunn for at språket vert slik det vert, og konsentrerer forskinga om sjølve prosessane. Ved å undersøke kompleksitet ut frå eit slik standpunkt, unngår ein å late utanomgrammatiske faktorar spele inn på resultata. Eg har argumentert for at dei nyare, eksoskeletale tilnærmingane til generativ grammatikk eignar seg spesielt godt til utviklinga av eit mål for språkleg kompleksitet. Dei eksoskeltale tilnærmingane set eit skilje mellom syntaktisk struktur og leksikalsk innhald i strukturen, og mellom abstrakte, underliggjande trekkmatriser i strukturen og dei fonologiske realiseringane av trekka (kalla eksponentar). Slik kan ein kan skilje ut fire parameter å definere og måle kompleksitet ut i frå: syntaktisk struktur, abstrakte trekkmatriser, eksponentane av matrisene og det leksikalske innhaldet i strukturen. I denne oppgåva har eg konsentrert meg om trekkmatriser og eksponentar. Eg har undersøkt forholdet mellom dei underliggjande trekka og eksponentane deira i tempus- og partisippbøyinga i nynorsk og bokmål. I tempusbøyinga fann eg at nynorsk og bokmål har dei same trekkmatrisene, og i stor grad like eksponentar, men at det er mykje variasjon når det gjeld kva verbstammar eksponentane vert nytta på. I partisippbøyinga er tilhøvet annleis: Nynorsk har trekk for samsvarsbøying som bokmål ikkje har, og språka skil seg difor frå kvarandre på eit meir grunnleggjande, strukturelt plan enn i tempusbøyinga. Slik kan ein seie at nynorsk er eit meir komplekst språk enn bokmål, fordi språket har ein grammatikk med fleire komponentar enn bokmål. Meir overordna har eg avduka utfordringar knytt til utforminga av eit måleverktøy for språkleg kompleksitet, og funne indikasjonar på korleis eit slik måleverktøy bør vere utforma. Måleverktøyet må bestå av klart definerte parametrar, som ikkje lèt subjektiv kjensle av kompleksiteten eller språklege val spele inn på resultatet. Analysen min har òg synt at frekvens har mykje å seie for den reelle kompleksiteten til språka, og ein må vurdere å nytte reelt produsert språk som datamateriale for at desse forholda skal kome fram. Eg fann òg at jamvel om ein undersøker kompleksiteten i språka, er det vanskeleg å få eit inntrykk av verdien eller storleiken til kompleksiteten berre ut ifrå analysen åleine. Parametrane ein måler kompleksitet etter, må difor kunne vektast på ein måte som gjer at analysen av eit språk seier noko om kompleksiteten til språket.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNTNUnb_NO
dc.subjectsyntaksnb_NO
dc.subjectgenerativnb_NO
dc.subjectmorfologinb_NO
dc.subjectgrammatisk kompleksistetnb_NO
dc.subjectmorfologinb_NO
dc.titleGrammatisk kompleksitet : syntaktisk struktur, trekkmatriser og eksponentar i nynorsk og bokmålnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Humanities: 000::Linguistics: 010nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel