Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorNilsen, Bjørnnb_NO
dc.contributor.advisorBlikra, Lars Haraldnb_NO
dc.contributor.authorLangeland, Henrik Andreasnb_NO
dc.date.accessioned2014-12-19T11:56:48Z
dc.date.available2014-12-19T11:56:48Z
dc.date.created2014-06-17nb_NO
dc.date.issued2014nb_NO
dc.identifier726200nb_NO
dc.identifierntnudaim:8588nb_NO
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/236276
dc.description.abstractÅknes er Noregs største overvaka ustabile fjellparti. Det ustabile fjellpartiet omfattar eit volum estimert til ~54 millionar m3, og hastigheita til rørsla i dei mest ustabile delane av fjellpartiet er opp mot 8 cm/år (Blikra et al., 2013). Åknes er lokalisert i Sunnylvsfjorden, som er ein fjordarm til Storfjorden, og er karakterisert av særs bratt topografi. Ein eventuell kollaps av det ustabile fjellpartiet kan utløyse ein katastrofal tsunami, og Åknes utgjer såleis ein stor naturfare for fjordnære tettstader og infrastruktur. Med bakgrunn i denne risikoen er fleire undersøkingskampanjar for å kartlegge det ustabile fjellpartiet utført, og frå 2004 vart eit omfattande overvakings- og beredskapsprogram satt i gang (Blikra, 2012b). Overvakings- og beredskapsverksemda er no administrert av Åknes/Tafjord Beredskap IKS. Hausten 2012 vart det gjennomført ei ny djup kjerneboring i den øvre delen av det ustabile fjellpartiet på Åknes. Kjerneboringa skulle gi ytterlegare informasjon om forholda i det ustabile fjellpartiet, og boreholet skulle vidare nyttast til overvaking. Denne masteroppgåva er eit ledd i arbeidet med undersøkingar i samband med det nye boreholet. Målet med oppgåva er å oppdatera den geologiske modellen for det vestre ustabile området ved Åknes, samt analysera stabiliteten i den geologiske modellen gjennom ein numerisk analyse.Oppdaterte rørsleanalysar viser at det vestre området ved Åknes bevegar seg betydeleg raskare enn det resterande ustabile fjellpartiet. Den geologiske modellen viser at det vestre området omtrent følgjer tidlegare bestemte avgrensingar i overflata (Blikra et al., 2013), men auka kunnskap om hovudskjærsona indikerer at det vestre området kan vere eit eige system. Den geologiske modellen for det vestre området viser to skjærsoner i grunnen, der ei grunn skjærsone kryssar det nye boreholet ved om lag 28-30 m, medan hovudskjærsona kryssar det nye boreholet ved om lag 61-63 m. Overvakingsinstrument i det nye boreholet viser størst rørsle langs hovudskjærsona og indikerer at denne sona styrar det vestre området. Numeriske stabilitetsanalysar viser at berre mellom 5-10 % redusert skjærsonestyrke vil senke sikkerheitsfaktoren for skråninga til lik eller mindre enn 1. Analysen viser vidare at grunnvassnivået har stor innverknad på stabiliteten i skråninga. Innverknaden på stabiliteten er relativ lik ved eit grunnvassnivå som ligg under eller på hovudskjærsona, medan eit grunnvassnivå som ligg over hovudskjærsona vil påverke stabiliteten i spesielt stor grad. Forflytninga i den nedre delen av det vestre området, var i analysane like stor og delvis større, samanlikna med den største overvakingsregistrerte rørsla i det ustabile området. Sidan dette området er dårleg dekka av overvakingsinstrument, bør dette undersøkast vidare.nb_NO
dc.languagenobnb_NO
dc.publisherInstitutt for geologi og bergteknikknb_NO
dc.titleUtvikling av revidert geologisk modell og stabilitetsanalyser for øvre deler av ustabil fjellside på Åknesnb_NO
dc.title.alternativeDevelopment of revised geological model and stability analyses for upper parts of unstable rock slope at Åknesnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber195nb_NO
dc.contributor.departmentNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Fakultet for ingeniørvitenskap og teknologi, Institutt for geologi og bergteknikknb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail
Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel