Kaks og borevatn frå boring av energibrønnar: Karakterisering og analyser
Abstract
I denne oppgåva blir det undersøkt i kva grad partikkelureining frå boringav energibrønnar er ei belastning for miljøet. Det blir gjort samanlikningarmed utslepp frå veg, i forhold til kornstorleik og kor store mengder av slikepartiklar som blir sluppe ut årleg. 58 kaksprøver frå 53 lokalitetar blir siktaog 23 prøver av borevatn blir analysert. 73 XRD-analyser blir gjennomførttotalt, av desse er 43 på bulkprøver frå kakset, 5 på finfraksjonen (<63 μmkornstorleik) frå kakset, og 25 på finfraksjonen frå partiklane i borevatnet. Avdesse blir data frå dei prøvene ein har gode metadata for, behandla vidare.Dataa viser at kornkurvene til bergartane fell i to grupper. Den eine gruppahar veldig like kornkurver, medan dei for den andre gruppa varierer mykjemeir. XRD-dataa blir brukt til å undersøke om innhaldet av visse mineralheng saman med andre parameterar.Konklusjonen er at borkaksutslepp ikkje er ei stor kjelde til partikkelureining.Mest vatn kjem frå dei krystalline bergartane. Ein fann ingen samanhengmellom vassgivarevne for brønn og finstoffinnhald i borevatnet. Vidare arbeidkan være å jobbe vidare med prøvematerialet som er grunnlag for denneoppgåva.