Jenta som ikkje hadde plass til seg sjølv : eit kasuistisk studie om korleis emosjonell tydelegheit og sjølvoppleving kan styrkast gjennom intersubjektiv tidsavgrensa terapi for born
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2360385Utgivelsesdato
2015Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Institutt for psykologi [3140]
Sammendrag
Dette kasusstudiet undersøkjer korleis ny relasjonell erfaring gjennom tidsavgrensa
intersubjektiv terapi for born (TIB) kan føre til ei utvikling av eit barns sjølvoppleving og
emosjonell tydelegheit. Kasuset inngår i eit større forskingsprosjekt av born med
internaliserande vanskar, kalla ”Objektive endringsmål i psykoterapi med barn.”
Terapimetoden som er brukt i kasuset fokuserer på barnets eigne opplevingsuttrykk og
sjølvutviklingsbehov. Sentrale element i terapien er intersubjektive samspel beståande viktige element som affektiv inntoning, leik og foreldrearbeid. Resultatet av terapien viser seg i ei endring i affektbevisstheit. Dette vert illustrert ved hjelp av eit før-og etter
affektbevisstheitsintervju. Etter enda terapi kunne ein sjå tydelege endringar hjå barnet ved færre symptomer, større emosjonell tydelegheit og større variasjon og fleksibilitet i
emosjonelle uttrykk.