Utbygging av ny vasskjelde til Krokstadøra vassverk: Anbefalt løysing ut i frå ei samla vurdering av dei alternative vasskjeldene
Abstract
Sidan den eksisterande vasskjelda til Krokstadøra vassverk er i konflikt med det pågåande vegprosjektet Ulvstubakken 714, er Statens vegvesen forplikta til å finne ei ny kjelde til vassverket. Som alternative vasskjelder er det etablert ein lausmassebrønn og totalt 8 fjellbrønnar, i tillegg til dette har det også blitt vurdert å bruke overflatevatn. Formålet med rapporten er å finne kva alternativ kjelde som er best egna som ny vasskjelde, medan problemstillinga er å vurdere lokaliseringa, vasskjemien, kapasiteten og kostnadane til dei ulike alternativa.
Nedre Glashylltjørna har som dei fleste innsjøar i Noreg eit surt, næringsfattig og humusrikt vatn. At innsjøen er sur og næringsfattig er mest sannsynleg ei følgje av sur nedbør og at den granittiske gneisen i området vanskeleg lar seg bryte ned. Det er også blitt registrert uønska mikroorganismar som kan stamme frå avføring frå dyr, naturleg nedbrytning av plantar i vatn eller tilføring av kloakkforureining frå hytter i nærområdet. Den naturlege beskyttelsen er heller ikkje optimal sidan området ovanfor innsjøen hovudsakleg består av bert fjell, medan lausmassen som opptrer består av myr og torv. Berekningar tilseier derimot at innsjøen har tilstrekkeleg kapasitet til å forsyne Krokstadøra vassverk, men for å vere sikker på at dette er tilfelle bør det utførast meir nøyaktige undersøkingar og fullskala prøvepumping.
Området rundt Øvre Glashylltjørna består hovudsakleg av bert fjell slik at også bekken frå Øvre Glashylltjørna har ein dårleg naturleg beskyttelse. Som Nedre Glashylltjørna er vatnet næringsfattig og surt, medan humusinnhaldet er noko lågare. Vidare er det usikkert om bekken har tilstrekkeleg kapasitet til å forsyne Krokstadøra vassverk.
Den alternative lausmassebrønnen er lokalisert på ei øy mellom to elvelaup og er utsett for både flom og isgang. Lausmasseakviferen har ein generelt dårleg naturleg beskyttelse med ei umetta sone på ein meter, men under etableringa av undersøkingsbrønnen blei det observert eit mogleg tett lag ved 6 meters djup. Vidare er det antatt at nydanninga av grunnvatn hovudsakleg vil skje gjennom infiltrasjon av elvevatn frå Bergselva. Bergselva er ei freda elv som er antatt å vere lite forureina, sjølv om det er bustadar som har direkte kloakkutslepp i elva i tillegg til at den renn gjennom ein dal med stor jordbruksaktivitet.
I forhold til krava gitt i Drikkevassforskrifta har lausmassebrønnen ein for låg pH og innspel av uønska mikroorganismar. Det er mogleg at mikroorganismane opptrer som ei følgje av at akviferen får tilført fekal forureining. Utførte berekningar og pumpetestar i felt tilseier at brønnen har tilstrekkeleg kapasitet til eit uttak på minst 2,2 l/s.
Brønn 1 og 2 ved Ellingsbekken har god naturleg beskyttelse ved at lausmassedekket i området er over 10 meter. Brønnane er også gunstig plassert i forhold til det eksisterande leidningsnettet sidan Ellingsbekken tidlegare blei nytta som reservevasskjelde til Krokstadøra. Både brønn 1 og 2 har ein god vasskvalitet, men som ved dei andre alternative fjellbrønnane overstig radoninnhaldet grenseverdien gitt i Drikkevassforskrifta med konsentrasjonar på høvesvis 570 Bq/l og 590 Bq/l. Det høge radoninnhaldet er ein sterk indikasjon på at den granittiske gneisen i området inneheld uran. Samla har brønnane ein kapasitet på maksimalt 0,96 l/s og vil dermed ikkje oppfylle kravet om ein dimensjonerande kapasitet på 2,2 l/s.
Brønn 3 og 4 som er lokalisert ved Berg har begge ein dårleg naturleg beskyttelse med eit morenedekke på høvesvis 1,5 meter og 3,0 meter. Sidan området rundt brønnane blir nytta til ulike jordbruksformål kan tilførsel av gjødselforureina grunnvatn vere ei potensiell forureiningskjelde. Vidare har begge brønnane eit for høgt sulfatinnhald i forhold til grenseverdien gitt i Drikkevassforskrifta, og brønn 3 har også eit for høgt radoninnhald. Tilførselen av sulfat kan skyldast gipsbelegg i sprekkesystemet eller drenering av marine avsetningar i området, medan radoninnhaldet indikerer at den granittiske gneisen som opptrer inneheld uran. Brønnane har til saman ein kapasitet på 0,94 l/s og vil dermed ikkje oppfylle kravet om eit uttak på minst 2,2 l/s.
Brønn 5 og 6 ved Lodvigsetra er lokalisert i eit område med over 20 meter overdekke av lausmasse. I følgje kartleggingar utført av NGU er det hovudsakleg hav- og fjordavsetningar som opptrer, og brønnane vil dermed ha ein god naturleg beskyttelse. Vidare har både brønn 5 og 6 ein god vasskvalitet, men innhaldet av radongass overstig grenseverdien gitt i Drikkevassforskrifta med konsentrasjonar på høvesvis 590 Bq/l og 250 Bq/l. I motsetning til dei andre alternative fjellbrønnane har både brønn 5 og 6 tilstrekkeleg kapasitet til å forsyne Krokstadøra vassverk.
Samla sett er det anbefalt å nytte brønn 5 og 6 ved Lodvigsetra som framtidig drikkevasskjelde. Dette er anbefalt med bakgrunn i at brønnane krev lite vassbehandling og at dei har tilfredstillande kapasitet og låge etablerings- og drivekostnadar. Vidare tilrådast det å nytte brønnane ved Ellingsbekken som reservevasskjelde sidan desse har betre naturleg beskyttelse og vasskvalitet enn brønnane ved Berg. Since the current water source to Krokstadøra waterworks are in conflict with the ongoing road project Ulvstubakken 714, is Statens vegvesen committed to find a new suitable water source. As an alternative source of water, it is established a soil well and a total of eight rock wells, in addition to this the use of surface water has also been assessed. The purpose of this report is to find which of the alternative sources that are best suited as a new water source, and to assess the location, water chemistry, capacity and costs of the various options.
Nedre Glashylltjørna has, like most lakes in Norway, acidulous, oligotrophic and humus-rich water. The lake is acidic and oligotrophic most likely due to the acid rain and the granitic gneiss in the area. It has also been detected unwanted organisms that may originate from faeces from animals, natural decomposition of plants or faecal contamination from cabins in the area. The natural protection is not optimal since the area above the lake consists mainly of bare rock, while soils that occur mainly consist of bogs and peat. Calculations indicate, however, that the lake has sufficient capacity to supply Krokstadøra waterworks, but further and more precise investigations, and full-scale pumping test should be carried out.
The area around Øvre Glashylltjørna consists mainly of bare rock so that also the brook from Øvre Glashylltjørna has a poor natural protection. As Nedre Glashylltjørna, the water is nutrient poor and acidic, while the humus content is somewhat lower. Furthermore, it is uncertain if the brook has sufficient capacity to supply Krokstadøra waterworks.
The alternative soil well is located on an island between two river courses, and is prone to both floods and drift ice. The soil well has generally a poor natural protection with an unsaturated zone of one meter, but during the establishment of the inspection well it was observed a possible dense layer at 6 meters. Furthermore, it is believed that the regeneration of groundwater will primarily occur through infiltration of water from Bergselva. Bergselva is a protected river which is assumed to be little polluted. Although there are houses that discharge sewage directly into the river, as well as it runs through a valley with agricultural activity.
Compared to the requirements in the Drinking Water Regulation, the soil well has to low pH and contains undesirable microorganisms. It is possible that the microorganisms occur as a result of faecal contamination. Performed calculations and field pump tests indicate that the well has sufficient capacity to supply Krokstadøra waterworks.
Well 1 and 2 by Ellingsbekken has a good natural protection since the soil cover in the area is over 10 meters. The wells are also conveniently located in relation to the existing pipelines, since Ellingsbekken previously was used as a backup water source to Krokstadøra. Both the well 1 and 2 have a good water quality, but as the other alternative rock wells the radon content exceed the limit value given in the Drinking Water Regulation, with respective concentrations of 570 Bq/l and 590 Bq/l. The high radon content is a strong indication that the granitic gneiss in the area contains uranium. Combined the wells have a maximum capacity of 0.96 l/s and will not fulfil the required capacity of 2.2 l/s.
Well 3 and 4, which are located at Berg, both have a poor natural protection with a moraine cover of respectively 1.5 and 3.0 meters. Since the area around the wells is used for various agricultural purposes, the supply of fertilizers into the groundwater is a potential source of pollution. Both wells have high sulphate content in relation to the limits given in the Drinking Water Regulations, and well 3 have also too high radon content. The supply of sulphate may originate from gypsum coating in the fracture system or drainage of marine deposits in the area, while the radon content indicates that the granitic gneiss contains uranium. The wells have a combined capacity of 0.94 l/s and will not meet the ruling capacity of 2.2 l/s.
Well 5 and 6 by Lodvigsetra is located in an area with at least 20 meters of soil cover. According to surveys conducted by NGU it is mainly ocean and coastal deposits occurring, and the wells will thus have a good natural protection. Both the well 5 and 6 have good water quality, but the content of radon gas exceeds the limit value given in the Drinking Water Regulations, with respective concentrations of 590 Bq/l and 250 Bq/l. Unlike other alternative rock wells, both well 5 and 6 have sufficient capacity to supply Krokstadøra waterworks.
Overall, it is recommended to benefit well 5 and 6 at Lodvigsetra as a future source of drinking water for Krokstadøra waterworks. This is recommended since the wells require little water treatment and that they have adequate capacity and low establishment- and operatingcosts. Furthermore, it is advised to use the wells by Ellingsbekken as a backup water source as they have a better natural protection and water quality than the wells at Berg.