Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorRönnquist, Anders
dc.contributor.authorDigernes, Daniel Standal
dc.date.accessioned2015-10-05T15:17:25Z
dc.date.available2015-10-05T15:17:25Z
dc.date.created2015-06-10
dc.date.issued2015
dc.identifierntnudaim:13031
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2351386
dc.description.abstractDenne oppgåva har hatt tilpassingsevne som hovudfokus. Ser vi på endringane på norske sjukehus har desse stege drastisk dei siste åra, og sannsynlegvis er trenden lik for resten av bransjen. Det blir derfor berre viktigare og viktigare med tilpassingsvennlege bygg. Gjennom oppgåva har derfor moglegheit for dette blitt diskutert med fokus på teknisk mellometasje, opne rom og svære volum. Førstnemnte er ei eiga etasje satt av for tekniske installasjonar. Det er ei etasje som gjerne kan lagast lågare enn dei andre i bygget, men som ein likevel kan gå oppreist i. Litteratur viser til ei høgde på mellom 1,8 og 2,3 meter som passande. Desse etasjane er spesielt viktige opp mot rom som treng mykje teknisk utstyr som ofte må bytast ut. Oppgåva viser til sjukehus som spesielt relevant for dette, men kan også vere aktuelt i andre bygg i forbindelse med superetasjar. Opne rom ser på det interne rom i bygg og kva som skjer om ein omplasserer søyler. Utrekningar viser at det ikkje nødvendigvis vil doble høgda på bjelken om spennet doblast. I tillegg blir vertikal tilpassingsevne diskutert. Her blir det sett på om det kan vere mogleg å legge til rette for vertikal endring gjennom levetida, ikkje berre horisontalt som er vanleg i dag. Dette blir sett på i samanheng med teknisk mellometasje ved bruk av superetasjar. Superetasjar er kraftigare beresystem, gjerne i fagverk, som kan bere meir enn si eiga etasje. Dette er diskutert brukt til å henge opp underliggande etasjar for å skape originale løysingar. Det kan for eksempel vere for å skape ei søylefri etasje for kvar superetasje. Siste tema om svære volum er ein delvis nytenkande idé om å skape svære interne volum som legg til rette for endring av interne bygg under eit klimaskal. Her finst det få referansebygg å vise til bortsett frå flyplassterminalar som gjer dette i noko grad. Tanken er å bygge eit stort klimaskal som kan stå veldig lenge. Inne i dette settast det opp lettare bygg som kan endrast ved behov; kanskje allereie etter 10-20 år. Det at dei interne bygga blir beskytta frå naturlaster gjer at dei kan byggast med slankare dimensjonar på bjelkar og søyler. Det fører til mindre materialbruk og nedbetalingstida til bygga går raskare. Det opnar for at bygga kan rivast tidlegare enn tilsvarande bygg ute, og nye som passar bruken betre kan settast opp. Bygga kan også vere utført som modular som kan demonterast, noko som vil vere betre for miljøet. Oppgåva er løyst med stort fokus på litteraturstudie og referansebygg. Mykje tid har gått med på å prøve å finne ut kva som har blitt gjort på aktuelle tema hittil, noko som har vist seg å vere mindre. Dei referansebygga som har blitt presentert blir gjerne analysert og rekna på for å sjå på relevante problemstillingar. Det er gjennom rapporten forsøkt å ha mykje diskusjon for å knytte alt opp mot den raude tråden; tilpassingsevne.
dc.languagenob
dc.publisherNTNU
dc.subjectBygg- og miljøteknikk, Konstruksjon
dc.titleIngeniørarkitektur - Tilpassingsevne i berekonstruksjon - Korleis bruke teknisk mellometasje, opne rom og svære volum for å gjere eit bygg tilpassingsvennleg
dc.typeMaster thesis
dc.source.pagenumber123


Tilhørende fil(er)

Thumbnail
Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel