• norsk
    • English
  • English 
    • norsk
    • English
  • Login
View Item 
  •   Home
  • Det humanistiske fakultet (HF)
  • Institutt for musikk
  • View Item
  •   Home
  • Det humanistiske fakultet (HF)
  • Institutt for musikk
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Musikk i ein ny mediesituasjon - Ein studie av musikk og målgruppe i NRK P13

Bakken, Kjersti Anderdal
Master thesis
Thumbnail
View/Open
hele oppgaven Bakken.pdf (1.113Mb)
URI
http://hdl.handle.net/11250/1937232
Date
2015
Metadata
Show full item record
Collections
  • Institutt for musikk [237]
Abstract
Denne oppgåva søkjer innsikt i NRK radio sin musikk- og målgruppestrategi med fokus på NRK P13 og korleis kanalen svarar på utfordringar knytt til dagens medie- og marknadssituasjon. Dette vert studert gjennom intervju med tre tilsette i NRK, samt analysar av relevant, eksisterande forskingslitteratur.

Prosjektet søkjer ei forståing av endringane NRK P13 representerer gjennom sin musikkpolitikk og sin bruk av musikk for å nærme seg ei definert målgruppe. Eit sentralt spørsmål for NRK er korleis ein bestemt musikkprofil skal kunne nå ut til spesifikke, demografiske publikumsgrupper. Dette prøver dei å finne svar på gjennom eigne publikumsundersøkingar. Akademisk forsking på si side har også i lang tid forsøkt å kartlegge grupperingar og mønster med tanke på kulturkonsumpsjon og musikkpreferansar gjennom kunnskap om korleis ulike faktorar har innverknad på preferansar. Det å finne samanhengar blant dei stadig meir komplekse konsumpsjonsmønstra i dagens samfunn byr på utfordringar – både for aktørar i praksisfeltet og for forskarar. Men når NRK skal utforme kanalstrategiar er dei nøydde til å ta stilling til kva som påverkar våre kulturelle preferansar, då strategiar om musikkprofil og målgruppe skal leggjast på bakgrunn av berre eit fåtal av desse. Ved å sette akademisk forsking omkring musikkpreferansar, smakskulturar og smakssamfunn opp mot NRK P13 sitt strategival, har det vore med mål om å auke forståinga av og kunnskapen om forholdet mellom musikkpreferansar og demografiske grupper.
Publisher
NTNU

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit
 

 

Browse

ArchiveCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournalsThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournals

My Account

Login

Statistics

View Usage Statistics

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit