Kjønnsforskjellar i partnerpreferanse: Samanhengen mellom sjølvrapportert personlegdom og preferert idealpartner
Bachelor thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3136980Utgivelsesdato
2024Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Institutt for psykologi [3108]
Beskrivelse
Full text not available
Sammendrag
Mykje forsking er gjort om partnerpreferanse på tvers av fleire kulturar. Tidlegare forsking viser at menneske ønskjer seg ein partner meir lik ein sjølv, der kvinner og menn vektlegg forskjellige eigenskapar i sin prefererte idealpartner. Ved utgangspunkt i personlegdomsskåren IPIP-NEO-60 undersøkjer denne teksta forhaldet mellom sjølvrapportert personlegdom og preferert idealpartners personlegdom, då med fokus på forskjellar mellom kvinner og menn (N = 637). Resultata viste at begge kjønn ønskjer seg ein partner med lågare skårar på nevrotisisme, og høgare skårar på ekstraversjon, omgjengelegheit og planmessigheit, samt ein partner nesten lik eins eigen skåre på openheit. Funna indikerer på ein generell konsensus om ønsket etter ein partner meir lik seg sjølv, berre med meir ønskjelege skårar på personlegdomstrekka. Vidare, så viste det seg at kvinner ønskjer seg ein partner meir sjølvsikker (E3), eventyrlysten (O4) og munter (E6), medan menn ønskjer seg ein partner som er meir beskjeden (A5), sympatisk (A6) og emosjonell (O3). Desse resultata kan tyde på at, sjølv om ein ønskjer seg ein partner meir lik eins eigen personlegdom, så er der signifikante kjønnsforskjellar i partnerpreferanse. Nøkkelord: Idealpartner, Partnerpreferanse, Personlegdom, Kjønnsforskjell, Fasettnivå