Ute av syne, ute av sinn
Description
Full text not available
Abstract
Grøn og digitalisering er to omgrep som ofte vert sidestilte, særleg som ei framtidsretta løysing på eit meir berekraftig samfunn i møte med klimautfordringane. I forskinga har det dei siste åra vorte stilt spørsmålsteikn ved om dette forholdet er så naturleg som det framkjem. Likevel er den offentlege diskursen rundt digitalisering og teknologi prega av eit berekraftsperspektiv som byggjer på tanken om eit skilje mellom det fysiske og digitale. I realiteten har digitaliseringa ein fysisk dimensjon som ikkje berre medfører endring av samfunnsstrukturar, men òg endringar i klima og miljø. Ei slik tilnærming syner det samfunnsvitskapelege aspektet ved miljø og klimaforsking som tradisjonelt sett ikkje har vorte via like mykje merksemd, eit felt denne oppgåva ynskjer å kaste lys over og byggje bru mellom.
Denne kvalitative studien har som føremål å utforske korleis omgrepa digitalisering og berekraft vert problematisert og representert i fem politiske dokument gjennom eit kritisk blikk på korleis spesifikke framstillingar vert institusjonaliserte og kva effektar det medfører. Norske policydokument utgjer ei viktig rolle i å tilgjengeleggjere informasjon om ulike samfunnstilhøve, men dei har og makt i korleis dei presenterer lovar og reglar basert på korleis desse tilhøva vert forstått. Analysen er delt inn i to hovudkapittel og byggjer på Carol Bacchi sitt analytiske rammeverk for å identifisere bakanforliggande tankesett, motiv og kontekstar som skapar grobotn for slike representasjonar. Forholdet mellom digitalisering og berekraft karakteriserast av ein diskurs prega av dematerialisering og teknologisk tiltru som kan sjåast i ein større kontekst av kva effektar ei slik framstilling medfører, samstundes som effektane av det som vert utelete speler ei sentral rolle i forståinga av den dominerande problematiseringa. Green and digitalization are two concepts that are often equated, especially as a forward-looking solution for a more sustainable society in the face of current climate challenges. Within the field of research, questions have been raised in recent years regarding the naturalness of this perceived relationship. Nevertheless, the public discourse surrounding digitalization and technology is characterized by a perspective of sustainability that builds on the notion of a separation between the physical and the digital. However, digitalization has a physical dimension that not only bring about changes in societal structures, but also impacts environmental aspects such as climate. This approach demonstrates the socio-scientific aspect of climate and environmental research, a field that traditionally has not received as much attention. Therefore, this study seeks to shed light on the importance of societal involvement in a field dominated by natural science and hopefully bridge this gap further.
The purpose of this qualitative study is to explore how the concepts of digitalization and sustainability are problematized and represented in five political documents through a critical examination of how specific portrayals become institutionalized and the effects they entail. Norwegian policy documents play an important role in providing information regarding various social conditions, but they also inhabit power through their ability to define laws and regulations based on how these conditions are understood. The analysis is divided into two main chapters and is conducted through Carol Becchi’s analytical framework with the aim of identifying underlying ideologies, motives, and the context in which such representations are produced. The relationship between digitalization and sustainability is characterized by a discourse based on dematerialization and technological trust, which can be viewed in the broader context of the effects such portrayals produce. Further, these effects are actualized through how dominant problematizations omit and silence alternative understandings that in turn could result in different societal and environmental outcomes.