Om «å» som infinittheitspartikkel og ei grammatikk-teoretisk leksikografisk formidling
Peer reviewed, Journal article
Published version
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3055297Utgivelsesdato
2022Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Institutt for lærerutdanning [3865]
- Publikasjoner fra CRIStin - NTNU [39204]
Sammendrag
Artikkelen har to formål: å kartlegge den teoretiske statusen til «infinitivsmerket» å og å argumentere for ei grammatikk-teoretisk fundert leksikografisk formidling. Etter tusenårsskiftet har å vorte grundig behandla både diakront og synkront, og det er ei viss semje om dei diakrone statusendringane: frå subjunksjon i norrønt til verbklitikon i eldre nynorsk tid til subjunksjon igjen frå nyare nynorsk og frametter. Den synkrone subjunksjonsstatusen blir som hjå Faarlund (2015) problematisert her og ein lågare plassert infinittheitspartikkel foreslått. Parallelt med den nye å-forskinga har det vorte produsert fleire leksikografiske spaltemeter i Noreg enn nokon gong før, og den grammatiske sida av leksikografien har vorte teoretisert. Hovudlinjer frå den grammatisk-leksikografiske litteraturen blir evaluert og med det eit mønster for leksikografisk formidling av grammatiske problem som å og andre funksjonsord fører med seg, foreslått. Hovudbodskapen er at ordartikkelen må vere både presis og open nok til å predikere unemnd empiri.