Show simple item record

dc.contributor.authorEiksund, Øyvind Johan
dc.date.accessioned2022-11-28T10:06:45Z
dc.date.available2022-11-28T10:06:45Z
dc.date.created2022-04-27T14:39:15Z
dc.date.issued2022
dc.identifier.isbn978-82-7923-097-7
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3034403
dc.description.abstractKorverksemd er eit døme på ein aktivitet som i stor grad fekk kjenne konsekvensane av pandemi og smitteverntiltak på kroppen. Nedstenginga av samfunnet sette ein effektiv stoppar for ein musikkaktivitet som i normaltid samlar mellom 200 000 og 250 000 personar i Noreg (Mæhle, 2019, 2020), og kor over heile landet blei nøydde til å tenkje raskt og kreativt for å gi kontinuitet og innhald til korsongen under sterkt endra vilkår. Denne rapporten er skriven på oppdrag av Norges Korforbund Sør-Trøndelag (NKST) og byggjer på ei nettbasert spørjeundersøking (n = 475) blant medlemmene i NKST i perioden 10. juni til 1. september 2021. Målsetjinga har vore å undersøkje kva NKST sine medlemmer sit att med frå korverksemd under pandemi og nedstenging, med eit særleg fokus retta mot erfaringar som kan vere til hjelp for framtidig drift, og som kan bidra til å utvikle ulike aspekt ved korverksemda. Resultata syner at mange kor har strekt seg langt for å gi eit så fullverdig tilbod som mogleg under pandemien, men at mange av medlemmene i NKST likevel har mista viktig innhald. Trass stor innsats har det òg vore utfordrande å halde kvaliteten på tilbodet oppe, noko som har resultert i lågare utbyte og svekt kjensle av tilhøyrsel blant medlemmene. Resultata syner òg at det fysiske møtet, anten det no gjeld på øvingar, i styremøte eller i konsertsalen, er det ein gleder seg aller mest til etter pandemien. I lys av dette finst det òg ein ambivalens til å ta med seg digitale øvings- og deltakingsformer inn i den nye normalen. Arbeidet som er gjort kring andre digitale verktøy (øvingsfiler, appar, nettsider og liknande), er derimot eit gode som det absolutt er eit ønske om å ta med vidare. Undersøkinga peiker òg på at dei aller fleste medlemmene trur erfaringane frå pandemien vil føre til varige endringar i korverksemda framover.
dc.description.abstractKORsong & KORona: Pandemierfaringar i Norges Korforbund Sør-Trøndelag
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherNorges teknisk-naturviskaplege universitet / Norges Korforbund Sør-Trøndelagen_US
dc.titleKORsong & KORona: Pandemierfaringar i Norges Korforbund Sør-Trøndelagen_US
dc.title.alternativeKORsong & KORona: Pandemierfaringar i Norges Korforbund Sør-Trøndelagen_US
dc.typeResearch reporten_US
dc.description.versionpublishedVersion
dc.source.pagenumber55en_US
dc.identifier.cristin2019579
cristin.ispublishedtrue
cristin.fulltextoriginal


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record