Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorAlfredsen, Knut
dc.date.accessioned2022-10-24T07:32:30Z
dc.date.available2022-10-24T07:32:30Z
dc.date.created2022-03-15T13:16:08Z
dc.date.issued2022
dc.identifier.isbn82-7598-091-7
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3027750
dc.description.abstractBatymetrisk LiDAR er eit laserinstrument med ein bølgjelengd som trenger gjennom vassflata og kan dermed måle refleksjonar frå botnen av elva slik at data om topografien under vatn kan samlast inn. Metoden har avgrensingar knytt til djup, turbiditet og turbulenens i overflate, men ved rette tilhøve er det ei svært effektiv metode for å samle detaljerte data om batymetrien i ei elv. Dette er data som sidan kan nyttast i ulike former for analyse, til dømes som grunnlag for hydraulisk modellering, dimensjonering, overvaking og evaluering av ulike inngrep og tiltak i vassdrag. Vi har ved institutt for bygg- og miljøteknikk ved NTNU vore involvert i flire prosjekt for evaluering av data frå LiDAR, og i prosjekt der vi har brukt data i modellering. Ei rekke studentarbeid er gjort innan temaet, og føremålet med denne rapporten er å gi ei kort oppsummering av prosjekta og nokre av funna som er gjort. Det er og laga ei oversikt over alle rapportar, masteroppgåver og tidsskriftartiklar som er produsert i løpet av dei åra vi har jobba med dette. Dei første forsøka med bruk av LiDAR vart gjort i samarbeid med ECO og Statkraft som sørga for oppmåling av fleire regulerte elver. Eg vil difor rette ei stor takk til Morten Stickler og Bjørn Otto Dønnum som initierte dette prosjektet og som har lagt til rette for mange interessante prosjekt for studentar på alle nivå. Takk og til alle studentar og stipendiatar som har jobba med problemstillingane. Ein spesiell takk går til Ragnhild Hammeren og Ingrid Alne som var dei første som var involvert i prosjektet og som fekk den utfordrande oppgåva med å finne ut av mykje nytt og ukjent samt å handtere forseinkingar i data og format som det ikkje var lett å bruke i praksis. Bidraga frå prosjektoppgåva til Hammeren og Alne og masteroppgåva til Alne var svært viktige og sentrale for at vi i dag er operative på praktisk bruk av metodaneen_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherNTNUen_US
dc.titleOversikt over bruk av batymetrisk LiDAR ved NTNUen_US
dc.typeResearch reporten_US
dc.description.versionpublishedVersionen_US
dc.source.pagenumber37en_US
dc.identifier.cristin2009964
cristin.ispublishedtrue
cristin.fulltextoriginal


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel