Show simple item record

dc.contributor.advisorBrenne, Anne Synnøve
dc.contributor.advisor
dc.contributor.advisorSandseter, Ellen Beate Hansen
dc.contributor.authorSkjønberg, Veronica
dc.date.accessioned2022-08-06T17:19:46Z
dc.date.available2022-08-06T17:19:46Z
dc.date.issued2022
dc.identifierno.ntnu:inspera:110824837:3137129
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3010475
dc.description.abstractSamandrag Bakgrunn: Internasjonal forsking peikar på behovet for kvile i barnehagen for å redusere stress, styrke hukommelse, skape gunstige vilkår for læring, oppleve balanse, kople av og samle krefter. Dermed har kvile betydning for psykisk helse. Kvile er inkludert i rammeplanen for barnehagar med føringar for praksisfeltet. Korleis det fysiske miljøet er tilrettelagt for kvile, er truleg eit viktig aspekt ved kvalitet ved barnehagetilbodet. Hensikt og problemstilling: Målet med studien er å få meir kunnskap om kvile i norske barnehagar i lys av at kvile er ein viktig faktor for psykisk og fysisk helse. Problemstillinga er: Korleis erfarer barnehagelærarar kvile inne i barnehagen for barn som har slutta med dupp, og kva for moglegheiter finn dei som fremmer kvile i det fysiske inne-miljøet? Metode: Studien har eit fenomenologisk og hermeneutisk studiedesign beståande av kvalitative individuelle digitale intervju. Fire informantar vart rekruttert frå fire ulike barnhagar fordelt på to (mellom- til stor) kommunar i Midt-Noreg. Transkribert tekstmateriale er analysert ved hjelp av systematisk tekstkondenseringsmetode. Resultat: Informantane sine erfaringar viser til ulike kvilevariantar for barn som har slutta med dupp, der roleg tid er ein karakteristikk som omfamnar alle kviletypar i barnehagen. Andre kjenneteikn ved kvile kan vere at barna har roleg energinivå, avkopling, sitjande eller liggjande kroppsstilling, og/eller å vere åleine eller saman med få personar. Informantane erfarte behovet for å identifisere barna sine individuelle kvile-behov, der praksis var å observere, samarbeide med foreldre og med personalgruppa. Signal som kunne tilkjenne-gi kvile var gråt, dårleg humør, at barn gnei seg i augo, at barna satt seg med ei bok, at barn trakk seg unna andre barn eller engasjerte seg i aktivitet. Aktivitetane som dei forbant med kvile er kalla kvile-aktivitet som til dømes bord-aktivitet med teikning eller perling og/eller liggje på madrass, sofa eller saccosekk med til dømes smokk, kosebamse, pledd og puter. Dei kunne hjelpe barn til kvile ved å til dømes dele inn i mindre grupper, leggje til rette for rom i rommet i fleir-funksjonelle rom eller bruke mindre rom. Handlingane til informantane kunne innebere å skjerme barna for inntrykk eller å tilføre utstyr og/eller nærvær. Byggmessige (arkitektoniske) fordelar for kvile som vart nemnt var å ha tilgang på mindre rom, god ventilasjon og regulerbar belysning i forbindelse med kviletid, samt store vindauge der vinduskarm for sitje- og liggjestilling var gunstig. Konklusjon: Studien gir konkrete forslag til praksis for å fremme kvile i barnehagen for barn som har slutta med dupp. Potensielle målgrupper for forslaga er barnehagelærarar, styrarar og assistentar, føresette, samt arkitektar som arbeidar med barnehagebygg. Med utgangspunkt i type barnehagebygg og kvilebehov anbefalast det å setje i verk eit målretta prosessorientert samarbeid mellom barnehage, barn og føresette for å fremme kvile. Masteroppgåva diskuterer styrker og svakheiter ved metoden som er brukt, og peikar på framtidig forskingsbehov på feltet. Det er behov for avklaring av kvile-terminologi for felles forståing og lik praksis, og meir kunnskap om betydninga av både inne- og utemiljø, innreiing og utstyr, kva god kvalitet i kvile er i lys av heilskapleg helsefremming, samt fokus på barn i overgangen mellom småbarn- til storbarnsavdeling og barn i storbarnsavdeling. Nøkkelord: kvile, barn, barnehagen, fysisk inne-miljø, heilskapleg helsefremming
dc.description.abstractAbstract Background: International research points to the needs for rest in kindergarten to reduce stress, strengthen memory, create favorable conditions for learning, experience balance, to relax and gather strength. Thus, rest is important for mental health. Rest is also included in the Framework Plan for Kindergartens that provides guidelines for practices. How the physical environment is adapted for rest is probably an important aspect of quality in kindergartens. Aim: The aim of the study was to gain more knowledge on children`s rest in Norwegian kindergartens in light of rest being an important factor for mental and physical health. Main research question were related to how kindergarten teachers experience indoor rest for children who have stopped taking a nap, and what factors promote rest in the physical indoor environment. Methods: The study has a phenomenological and hermeneutic study design, consisting of qualitative, individual digital interviews. Four kindergarten teachers were recruited from four different kindergartens in two (medium to large) municipalities in Central Norway. Transcribed text was analyzed using a systematic text condensation method. Results: The informant`s experiences refer to different variants of rest in children who have stopped taking a nap in the kindergarten, where “quiet time” is a characteristic that embraces all types of resting in kindergarten. Other characteristics of rest may be that the children have a calm energy level, relaxation, sitting or lying body position, and/or being alone or together with only a few people. The informants experienced the need to identify the children`s individual resting needs, where the practice was to observe, cooperate with parents and within the staff group. Signals that could imply a need for resting was crying, bad mood, children rubbing their eyes, sitting with a book, children withdrawing from other children or engaging in activity. The activities that they associated with rest are called resting activity, such as table activity with drawing or beading and/or lying on a mattress, sofa or Sacco Sacs with, for example, a pacifier, teddy bear, blanket and pillows. They could help children rest by, for example, diving into smaller groups, arranging “rooms in the room” or using smaller rooms. The actions of the informants could involve shielding the children from impressions or adding equipment and/or presence. Building (architectural) advantages for rest that were mentioned were access to smaller rooms, good ventilation, and adjustable lighting during rest time, as well as large windows with integrated benches for sitting and lying were favorable. Conclusion: The study provides proposals for practice to promote rest in the kindergarten for children who have stopped taking a nap. Potential target groups for the proposals are kindergarten teachers, manages and assistants, parents as well as architects who work with kindergarten design. Based on type of kindergarten building and need for rest, it is recommended to implement a targeted process-oriented collaboration between the kindergarten, children and parents to promote rest. This master`s thesis discusses the strengths and weaknesses of method used, and points to future research needs in the field. There is a need for clarification of rest terminology for common understanding and equal practice, and more knowledge about the importance of both indoor and outdoor environment, interior design and equipment, what good quality in rest is in light of health promotion and focus of children in transition between departments for young and older children, respectively, and for the oldest children in the kindergarten. Keyword: rest, children, kindergarten, indoor environment, holistic healthpromotion
dc.languagenno
dc.publisherNTNU
dc.titleRom for kvile i barnehagen.
dc.typeMaster thesis


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record