Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorSaga, Susan
dc.contributor.authorKvam, Julia
dc.date.accessioned2022-07-19T17:21:10Z
dc.date.available2022-07-19T17:21:10Z
dc.date.issued2022
dc.identifierno.ntnu:inspera:110921428:46871659
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3006968
dc.description.abstractIntroduksjon Covid-19-pandemien har sidan våren 2020 påverka arbeidskvardagen til sjukepleiarar, også i dei spesialiserte sjukehusavdelingane. Skiftande retningslinjer frå myndigheitene la føringar for arbeidet og stilte høgare krav. Høge krav møtt med høg opplevd eigenkontroll og støtte, gjev mestring og dempar negative helseeffektar. Forsking under pandemien viser at operasjonssjukepleiarar som opplevde lite støtte sat igjen med psykisk skadelege erfaringar. Denne studia undersøker operasjonssjukepleiarars opplevingar av kollegial støtte si betyding under covid-19-pandemien, med fokus på den første fasen. Metode Det vart nytta ein kvalitativ metode med semistrukturerte forskingsintervju. Fire operasjonssjukepleiarar ved akutt operasjonsavdeling vart rekruttert og intervjua individuelt ved bruk av intervjuguide. Analysen er forenkla metodar inspirert av meiningskondensering og stegvis-deduktiv-induktiv metode. Resultat Funna viser ei oversikt over krav, kontroll og støtte som belyser kollegial støtte sin funksjon og betyding. Bemanning var ei utfordring, spesielt ved sjukefråvær. Tid til fagleg oppdatering var det lite av i starten av pandemien. Kontrollen informantane opplevde over deira arbeid avhenga av tillit til eigen kompetanse. Usikkerheit for pandemiens utvikling og mogleg omplassering til sengepost prega informantane. Støtta dei opplevde på jobb kom frå deira næraste leiing og kollegaar. Resultata viser at det er ein kultur for å aktivt bruke kvarandre fagleg og personleg. Til næraste leiing var det tillit og ein god tilbakemeldingskultur. Forventningane vart justert etter situasjonen og dei hadde ein lojalitet til sine næraste leiarar. Konklusjon Trass høge krav og til tider låg grad av opplevd kontroll, har støtta informantane opplevde påverka arbeidskvardagen positivt under covid-19-pandemien. Både støtte frå leiing og kollegaar har dekka behov for informasjon og personleg støtte. Dei opplevde eit godt arbeidsmiljø, med mestring og utvikling i fellesskap. Støtte frå nære kollegaar og høg tillit til eigen kompetanse kan vere årsak til det. Nøkkelord Covid-19, pandemi, operasjonsavdeling, krav, kontroll, støtte, operasjonssjukepleiarar, arbeidsmiljø, leiing
dc.description.abstractIntroduction Since the spring of 2020, the Covid-19 pandemic has been part of the working day of nurses, also in the specialized hospital wards. Worldwide, the infection number has exceeded half a billion. Changing regulations from authorities have laid down guidelines for the work and set higher demands. High demands, met with high perceived control and support, enable coping, and prevent negative health effects. Research during the pandemic shows that surgical nurses who experienced little support had psychologically harmful experiences. This study examines surgical nurses' experiences of the importance of collegial support during the covid-19 pandemic, focusing on the first phase. Method A qualitative method of semi-structured research interviews was used. Four surgical nurses at the ward were recruited and interviewed individually using an interview guide. The analysis is simplified methods inspired by meaning condensation and step-by-step-deductive-inductive method. Results The results show an overview of demands, control and support that provides insight into the function and significance of collegial support. Staffing was a challenge, especially in the event of sickness absence. Time to stay professionally up to date, was scarce at the start of the pandemic. The control they experienced over their work depended on trust in their own competence and being allowed to use it. Uncertainty about the pandemic's development and possible relocation affected the informants. The support they experienced at work came from their closest managers and colleagues. The results showed that there is a culture of actively utilising each other professionally and personally. To immediate management, there was trust and a good feedback culture. Expectations were adjusted to the situation, and they were loyal to their immediate managers. Conclusion Despite high demands, and at times low control, surgical nurses received support that positively affected their work environment during the covid-19 pandemic. Both support from management and colleagues have met needs for information and personal support. They experienced a good working environment, with mastery and development together. Support from colleagues contributes to this, along with a high level of trust in one's own competence. Keywords Covid-19, pandemic, operating ward, demands, control, support, surgical nurse, OR nurse, work environment, management
dc.languagenno
dc.publisherNTNU
dc.titleKva betyding har kollegial støtte hatt for operasjonssjukepleiarar på akutt operasjonsavdeling under covid-19-pandemien?
dc.typeBachelor thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel