Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorHove, Jon Olav
dc.contributor.advisorOsei-Tutu, John Kwadwo
dc.contributor.authorFremmerlid, Gisle Øye
dc.date.accessioned2022-02-01T18:30:33Z
dc.date.available2022-02-01T18:30:33Z
dc.date.issued2021
dc.identifierno.ntnu:inspera:80289343:46781842
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2976504
dc.description.abstractSamandrag: I denne masteroppgåve har eg sett på tankesett og førestellingar om slaveri og slavehandel i Danmark-Noreg før, under og etter den 14. forordning av 1792, altså vedtaket om avskaffinga av slavehandelen i Danmark-Noreg og i dansk-norsk Vestindien. Tema for denne oppgåva er kva argument og informasjon ein kan finne i perioden 1750-1820, og korleis dette representer mentaliteten, altså meiningar, tankar og kjensler kring slavehandelen og slaveriet i samtida. Eg har brukt kjelder som er tilgjengelege på Nasjonalbiblioteket sine nettsider. Dette inkluderer reisedagbøker, aviser, bøker og andre sekundære kjelder frå samtida. Desse kjeldene har gitt innsikt i kva argumentasjon som vart brukt for og i mot slaveriet og slavehandelen, og kva informasjon som var i fokus. Det har vore viktig i dette arbeidet å vurdere desse kjeldene i samanheng med den varierande grada av ytrings- og trykke-fridom som var i Danmark-Noreg i perioden. Oppgåva syner at det fantes ei rekkje ytringar knytt til slavehandel og slaveri. Dette var ytringar som bidrog til å spreie informasjon og tankesett kring slavehandel og slaveri. Kjeldene syner også til førestellingar om at slavehandelen var naturleg. Der var også førestellingar om at slavehandelen og slaveriet var naudsynt for kristning og sivilisering av afrikanarane. På same måte viser ytringane også at der var motstandarar som meinte at slavehandelen og slaveriet var i strid med humanismen. Vi ser og at der er forskjellege økonomiske syn i samtida, der lønsamheita og fordelaktigheita vert sett opp mot kvarandre. I den endelege avskaffinga, var det nettopp tankesetta og førestellingane om humanisme og lønsamheit som vart viktige, medan religiøse tankesett som hadde vore mykje brukt for å legitimere slavehandelen, vart lagt mindre vekt på i den 14. forordninga av 1792.
dc.description.abstractAbstract: In this thesis I have looked at mindsets and notion about slavery and the slave trade in Denmark-Norway before, during and after the 14th ordinance of 1792, in other words, the decision to abolish the slave trade in Denmark-Norway and in the danish-norwegian West Indies. The theme for this thesis is what arguments and information can be found in the period 1750-1820, and how this represents the mentality, in other words, the opinions, thoughts and feelings about the slave trade and slavery in the present. I have used sources available through the National Library of Norway’s website. This includes travel diaries, newspapers, books, and other secondary sources from the contemporary. These sources have provided insight into what argumentation was used for and against slavery and the slave trade, and what information was in focus. It has been important in this work to assess these sources in connection with the varying degree of freedom of expression and freedom of the press that was in Denmark-Norway during this period. The thesis shows that there were several statements related to the slave trade and slavery. These were statements that helped to spread information and mindsets about the slave trade and slavery. The sources also point to the notion that the slave trade was natural. There were also notions that the slave trade and slavery were necessary for the Christianization and civilization of the Africans. In the same way, the statements also showed that there were opponents who believed that the slave trade and slavery was against humanism. We can also see that there are different economic views in this period, where the beneficial and profitability were set against each other. In the final abolition, it was precisely the mindsets and notions of humanism and profitability that were important, while religious mindsets that had been widely used to legitimize the slave trade, were less emphasized in the 14th ordinance of 1792.
dc.languagenno
dc.publisherNTNU
dc.titleTankesett og førestellingar i Danmark-Noreg kring slavehandelen og slaveriet i perioden 1750-1820.
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel