Fremming av empowerment i møte med kvinner utsett for partnarvald
Bachelor thesis
Date
2021Metadata
Show full item recordCollections
- Institutt for sosialt arbeid [1400]
Abstract
Partnarvald er eit komplekst sosialt problem og forsking viser at ein tredjedel av kvinner på verdsbasis, har blitt utsett for vald av ein partnar. Å oppleve partnarvald kan få følger for den valdsutsette si psykiske helse, som eksempelvis depresjon og posttraumatisk stressliding, lav sjølvtillit og skamkjensle. I litteraturen om partnarvald finn ein mykje forsking på empowerment. Forsking viser nemleg at empowerment kan vere ein kjernefaktor for rehabiliteringa til kvinner utsett for partnarvald. Empowerment referer til å auke individet si makt i sosiale relasjonar, ettersom mange valdsutsette er i ein situasjon der dei kjenner på avmakt. I Norge har ein krisesenter som ein del av samfunnets sikkerheitsnett. Slike senter fungerer som hjelpetilbod for dei som er utsett for vald i nære relasjonar og skal blant anna vere ein stad der valdsutsette kan føle tryggleik, samt begynne å jobbe for å forbetre livssituasjonen sin.
I denne teoretiske oppgåva undersøker eg korleis sosionomar kan fremme empowerment i møte med valdsutsette kvinner på krisesenter. Faktorar som sikkerheitsplanlegging gjennom brukardefinert praksis, kritisk medvit, ressursmobilisering, samt auking av sjølvtillit trekker eg fram som sentrale for å fremme empowerment. Eg ser deretter på utfordringar som kan dukke opp, dette i form av rammer og ressursar som ei hindring, samt dilemma mellom sosionomen si faglege oppfatning og omsynet til kvinna sin rett til empowerment. Arbeidet med oppgåva har gjort det enda meir tydeleg at empowerment ikkje er noko ein sosionom kan gje til den valdsutsette. Derimot er sosionomen si oppgåve å sikre at føresetnadane er der for at kvinna kan ta makta over sitt eige liv. Til sjuande og sist er det kvinna sjølv som kan oppnå empowerment. Intimate partner violence is a comprehensive social problem and research shows that one third of women worldwide, has experienced this form of violence. To experience intimate partner violence can have consequences for the victim's mental health, such as depression and post-traumatic stress disorder, low self-esteem and experiencing shame. A lot of research has been done in this field, relating it to empowerment. This research is indicating that empowerment can be a key concept for victims’ recovery. Empowerment is used to describe a shift in the experience of power attained through interaction in the social world. This becomes relevant as many victims of violence see themselves in a position of powerlessness. In Norway there are shelters which serve as a support service for victims of domestic violence. This is a place where victims can come to safety, as well as start working on improving their well-being.
In this paper I will examine how social workers can facilitate empowerment for female victims of intimate partner violence in shelters. Factors such as safety planning through victim-defined advocacy, critical awareness, resource mobilization, as well as increase in self-esteem will be central to the discussion about how to facilitate empowerment. I then look at challenges that may arise, like framework and resources as an obstacle for empowerment, as well as the dilemma between the social worker’s professional opinion and the consideration of a woman’s right to empowerment. The work on this thesis has made it even more clear that empowerment is not something a social worker can give to the victim. However, the social worker’s task is to ensure that the preconditions are there for the woman to take control of her own life. Ultimately, it is the woman herself that can achieve empowerment.