Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorHilder, Thomas Richard
dc.contributor.authorLone, Solveig Rivenes
dc.date.accessioned2021-09-28T17:19:48Z
dc.date.available2021-09-28T17:19:48Z
dc.date.issued2021
dc.identifierno.ntnu:inspera:82258556:9042894
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2784223
dc.description.abstractI denne masteroppgåva tar eg for meg ulike aspekt ved musikklinja i vidaregåande skule som ei musikkpedagogisk verksemd. Sentrale spørsmål som blir tatt opp er: Kva er det viktigaste ein skal lære på musikklinja? Kva er den viktigaste kunnskapen og dei viktigaste måla i musikkfaga? Korleis kan ein vurdere kvalitet i musikkutdanninga på musikklinja? For å forsøke å kome fram til svar på slike spørsmål, blir relevant musikkvitskapleg, musikkfilosofisk, musikkpedagogisk, pedagogisk-filosofisk litteratur drøfta saman med musikklærarar sine haldningar til, og erfaringar av, musikklinja. Fire musikkpedagogar frå ulike musikklinjer har blitt intervjua, kor eg i samtale med informantane har fått eit innblikk i musikklærarar sine syn, haldningar, erfaringar og opplevingar kring musikklinja. Deira erfaringar og synspunkt bidrar til ei meir levande forståing av dei ulike diskusjonane som musikklinja blir sett i. Diskusjonen om musikklinja er delt inn i to hovuddelar. Kapittel 2 tar for seg musikklina i forhold til kva kontekst musikkundervisninga på musikklinja er ein del av. Dette gjeld både korleis musikklinja er ein del av det større musikkopplæringstilbodet i Noreg, samt korleis offisielle dokument som læreplanar og ulike læringsteoriar og læringsstilar påverkar musikkfaget. I kapittel 3 vil vi sjå musikklinja i lys av vidare musikkpedagogisk-filosofisk tenking. I denne delen vil musikklinja bli drøfta gjennom aspekt som danning, legitimering av musikkfaget, sosiale aspekt ved musikkutdanning, og skule- og kulturpolitiske debattar. I oppgåva argumenterer eg særleg for viktigheten av å vere medviten om slike musikkpedagogisk-filosofiske aspekt.
dc.description.abstractIn this master's thesis, I consider various aspects of ‘musikklinja’ (music program) in upper secondary school as a music pedagogical activity. Key questions that are addressed are: What is the most important thing to learn at ‘musikklinja’? What type of knowledge and which aims in music education is the most important? How can one assess the quality of music education in these music programs? To answer such questions, relevant musicological, music philosophical, music pedagogical, and pedagogical philosophical literature, as it will be discussed alongside with music teachers' attitudes to, and experiences of, ‘musikklinja’. Four music educators from different music programs have been interviewed, and in conversation with the informants I have gained an insight into music teachers' views, attitudes, experiences of ‘musikklinja’. Their experiences and points of views contribute to a more vivid understanding of the various discussions in which I examine ‘musikklinja’ is seen. The discussion about ‘musikklinja’ is divided into two main parts. Chapter 2 consists of ‘musikklinja’ in relation to the context in which music education is a part of. This includes to how ‘musikklinja’ is a part of formal and informal music education in Norway, as well as how official documents such as curricula and various learning theories and learning styles affect music education. In Chapter 3, we examine ‘musikklinja’ in the light of further music pedagogical-philosophical thinking. ‘Musikklinja’ will be discussed through aspects such as ‘bildung’, legitimation of music education, social aspects of music education, and school and cultural policy debates. In the thesis, I argue for the importance of being aware of such music pedagogical-philosophical aspects as outlined above.
dc.languagenno
dc.publisherNTNU
dc.titleKva er det viktigaste ein skal lære på musikklinja? Musikklinja i vidaregåande skule som musikkpedagogisk verksemd.
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel