Musikksentrerte sekvensar i Joker (2019) og Once Upon a Time in the West (1968)
Abstract
I film skjer til tider eit fenomen kor talen er tilsidesett og musikk blir dominerande i lydsporet over tid. Dette kan ha ein effekt på filmen, noko eg undersøker nærare i denne masteroppgåva. Sekvensar frå Joker (2019) og Once Upon a Time in the West (1968) med dette fenomenet blir brukt som case studiar, og gjennom desse undersøker eg korleis den audiovisuelle samhandlinga gjer dette fenomenet særeige, effekten det har på tilskodaren, og kva som skjer frå ein narrativ ståstad. Eg kjem til å omtala fenomenet som «musikksentrert sekvens», som motsetnad til omgrepet vokosentrisme, som dreier seg om korleis talen ofte er i sentrum av lydsporet. Komponistane Hildur Guðnadóttir (Joker) og Ennio Morricone (Once Upon a Time in the West) laga filmmusikken før filminnspeling, og filmskaparane brukte musikken deira på sett. På den måten har musikken prega det visuelle tydeleg, og ein ser det att i audiovisuell kongruens i begge musikksekvensane. Oppgåva kan sjåast som todelt, kor første del tek føre seg eit teoretisk grunnlag som hjelper meg å plassera dei musikksentrerte sekvensane i ein filmmusikkteoretisk og -historisk kontekst. Eg tek tak i etablerte konvensjonar og filmmusikken sin kognitive og emosjonelle effekt på tilskodaren, i tillegg til noko filmteori for å knyta det musikalske til det visuelle. Ved hjelp av dette kan analysane visa korleis musikksekvensane anten følgjer eller bryt med dei etablerte konvensjonane. Det viser korleis dei skil seg ut, både som fenomen og i kontekst av filmen dei er del av. Til slutt i første del går eg gjennom metodane som er brukt i oppgåva, med fokus på analytisk prosess. Den andre delen inneheld dei to analysane, og her blir dei to case studiane presentert kvar for seg. Kvar av dei blir gjennomgått musikalsk og visuelt før ein diskusjon tek føre seg kva som har skjedd og kva for funksjon det har i filmen sin narrative heilskap. Til slutt kjem ein konklusjon kor eg tek føre meg kva eg har funne, korleis det kunne vore gjort annleis og korleis prosjektet eventuelt kan vidareførast. In film there exists a phenomenon consisting of only music in the soundtrack, as the speech is put aside over a certain amount of time. In this master’s thesis I explore how this effects films. Sequences from Joker (2019) and Once Upon a Time in the West (1968) which makes use of the phenomenon are the case studies I explore to find how the audio-visual interaction distinguishes the phenomenon, the effect it has on the viewer-listener, and what happens from a narrative point of view. The phenomenon gets referred to as “music-centric sequence”, as opposed to the term vococentrism, referring to the voice as the centre of the soundtrack. Composers Hildur Guðnadóttir (Joker) and Ennio Morricone (Once Upon a Time in the West) made the music before filming started, and the filmmakers used their music on set. That led to music affecting the visual expression, and we will see that in the congruence of the audio-visual style in both music-centric sequences.The thesis is in two parts. The first part describes a theoretical basis I can use to place the music-centric sequences in a film music theoretical and -historical context. By showing established conventions in film music and the cognitive and emotional effect is has on the viewer-listener I can discuss on what points the sequences makes use of or breaks the rules of convention. I also use some basic film theory to make a connection between the musical and the visual. Ending the first part, I mention the methods used to achieve the goals of the thesis, focusing on the analytical process. The second part consists of the two analyses. Both case studies get a section each, where I analyse them before I discuss what is found and the function it has on the narrative overall. Finally, I conclude by mentioning what I have found and how it could have been done differently and I reflect on how the project can be studied further.