Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorThomas Brandt
dc.contributor.authorInger Bakken Gjørva
dc.date.accessioned2021-09-13T16:07:53Z
dc.date.available2021-09-13T16:07:53Z
dc.date.issued2021
dc.identifierno.ntnu:inspera:80115080:9659250
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2775718
dc.description.abstractMardøla-aksjonen hadde sitt opphav frå seinsommaren juli-august 1970 og var den første aksjonen der sivil ulydigheit vert brukt som verkemiddel for å markere natur- og miljøvern i Noreg. Aksjonen hadde sitt opphav i det statlege vedtaket om kraftutbygging av elva Mardøla i Nesset kommune i Møre og Romsdal fylke. Konsekvensen var blant anna at Mardalsfossen, Nord-Europas fjerde høgste fossefall, skulle miste vassføringa og tørrleggast, og at bygdene Eresfjord og Eikesdal mista vatnet dei var så avhengig av for jordbruk og livsopphald. Under aksjonen var det eit unikt samarbeid mellom naturvernarar og lokale bygdefolk som kjempa for ulike interesser, men som samla seg om eit felles mål. Den eine sida ville hindre nedbygging av naturressursane i Noreg, medan den andre arbeida for å verne om lokale tradisjonar og levesett. I starten var det 30-40 aksjonistar i aksjonsleiren, men det var på det meste 500 aksjonistar som deltok. Til slutt greip politiet inn og fysisk bar vekk 10-12 demonstrantar. Aksjonen førte dermed ikkje fram og elva vart utbygd med formål om energiutnytting gjennom vasskraftverk. I nasjonale media har ofte aksjonen vorte skildra med eit eintydig fokus der naturvern var det einaste målet, men under aksjonen oppstod eit særskilt samarbeid mellom naturvernarar og lokalbefolkninga som ein ikkje hadde sett tidlegare. Aksjonen var då meir kompleks enn det som vart spegla i nasjonale media. Med dette som bakgrunn ville eg undersøkje korleis og i kva grad dei to lokalavisene Romsdal Folkeblad og Sunnmørsposten spegla denne kompleksiteten. Ein finn her ut at avisene går langt i å søkje å vise dei ulike partane i striden, om det så er naturvernarar, bygdefolk frå både Nesset og Rauma, anleggsarbeidarar og NVE. Avisene har ein tydeleg politiske ideologi frå begge sidene av skalaen, der Romsdal Folkeblad er ein arbeidarpartiavis og Sunnmørsposten ei venstreavis. Alt dette er med på å vise at kraftutbygginga av Mardøla hadde fleire sider og var meir kompleks enn det som kom ut i nasjonale media. Uavhengig av denne kompleksiteten fekk aksjonen mykje å seie for framtidig kraftutbygging, norsk miljøpolitikk og protestaksjonar fram mot i dag.
dc.description.abstractThe Mardøla-protest of July-August 1970 was the first occurrence of civil disobedience used as a tool in environmental matters in Norway. The protest was rooted in the decision by the authorities to use the river Mardøla for hydro-electric power. The small communities of Eresfjord and Eikesdal, both in Nesset municipality in Møre and Romsdal county, would lose their water supply, which they were dependent for agriculture and subsistence. In addition, the Mardal waterfall, the fourth highest waterfall in Northern Europa, would lose its water and run dry. These dire consequences led to a protest where a unique cooperation between villagers and environmentalists fought for the same goal, to preservation of Mardøla, but from different angles. One side was primarily trying to stop the destruction of Norway’s natural resources, while the other side was mainly seeing things from a local perspective and the survival of their way of life. In the beginning there were about 30-40 protesters in the camp they had boult to halt the construction, but this number increased to about 500 later on. In the end local law-enforcement intervened, carrying away 10-12 of them, and thus ending the protest, and Mardøla was developed for hydro-electric power purpose. In national media the Mardøla-protest has been portrayed as more or less a one-sided effort by environmentalists to preserve national resources, but the reality is more complex. The protest saw the merging of two interest groups, coopering for a common goal. With this backdrop, I wish to explore how two local newspapers, Romsdal Folkeblad and Sunnmørsposten, mirrored this complexity. Evidence suggests these locally anchored media lot lets managed to portray the different interest groups goals and wishes, be it from the environmentalist perspective, the constructions workers’ view, the official NVE’s policy or from the conflicting local communities Rauma and Nesset’s viewpoint. These two newspapers were on opposite sides of the political spectrum, Romsdal Folkeblad being a labor-friendly newspaper, whereas Sunnmørsposten sided more with the Liberal Party. In combination this gives evidence to the suggestion that the development of Mardøla for Hydro-electric purposes was more complex and nuanced process than known from national media. Interpedently of this complexity, the Mardøla-protest influenced official Norwegian environmental policy, later development for natural resources and how one protests to this day.
dc.languagenno
dc.publisherNTNU
dc.titleMedia og kampen om Mardøla
dc.typeBachelor thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel