«Kan eg få låne?» ei undersøking av lån som verktøy for tilgjengeleggjering av før-reformatoriske gjenstandar mellom norske museum
Abstract
Norsk kulturminneforvaltning består av mange ulike instansar med ulikt ansvar. Dei fem universitetsmusea i Norge har eit særskilt ansvar for alle før-reformatoriske gjenstandar. Musea forvaltar gjenstandane på vegne av staten og har ansvar for kvar sine geografiske områder. Nedslagsfelta er store og universitetsmusea har gjennom sitt samfunnsoppdrag eit forvaltnings- og formidlingsansvar for heile nedslagsfeltet. Eit sentralt spørsmål i denne oppgåva er korleis musea svarer på forventinga til tilgjengeleggjering av autentiske gjenstandar til samfunnet i heile nedslagsfeltet?
Problemstillinga for denne oppgåva er: kva føringar legg dei museumspolitiske dokumenta for lånepraksis mellom norske museum, korleis tolkar musea desse føringane og korleis påverkar dette låneprosessar i praksis? Problemstillinga blir belyst gjennom tre påstandar med tilhøyrande forskingsspørsmål som undersøkinga byggast rundt. Sentrale omgrep i oppgåva er museum, gjenstand, samfunnsoppdrag, demokratisering, tilgjengeleggjering, og utlån. Korleis desse omgrepa er handsama innan fleire fagfelt som berører museumssektoren har vore eit viktig teoretisk utgangspunkt for undersøkinga. Dette utgangspunktet peiker på at tilgjengeleggjering er framhaldt som eit kjernefokus for museal praksis, både museumsfagleg og museumspolitisk.
Den metodiske tilnærminga til undersøkinga er innhaldsanalyse av dokument og kvalitative intervju. Dokumenta som brukast er sentrale museumspolitiske dokument, i stortingsmeldingar frå dei siste to tiåra. Institusjonsstrategiske dokument frå musea som er del av utvalet er også undersøkt. Musea som er med i undersøkinga er Kulturhistorisk museum i Oslo, Maihaugen, og Fjellmuseet i Lom. Det er utført intervju med respondentar frå desse tre institusjonane.
Dei institusjonsstrategiske dokumenta, i likskap med museumspolitiske dokument omtalar tilgjengeleggjering som sentral oppgåve for musea, men verktøyet utlån er lite handsama. Verktøy som utstilling og digitalisering får mykje av spalteplassen i dokumenta. Oppgåva peiker på at lånepraksis mellom norske museum er påverka av både museumsfaglege og museumspolitiske føringar. Dette fører til at plassen lån som verktøy for tilgjengeleggjering har i praksisfeltet ikkje er nedfelt i institusjonsstrategiske dokument ved musea.
Gjennom undersøkingane i denne oppgåva blir det tydeleg at geografi som faktor i gjenstandsforvaltninga i liten grad er adressert. Tilgjengeleggjering som oppgåve for musea framhaldast som viktig, men blir ofte redusert til å omhandle digitalisering. Spørsmåla om kva ein skal tilgjengeleggjere, kvifor og korleis er hyppig adressert. Denne oppgåva peiker på at det i lys av universitetsmusea si særstilling i gjenstandsforvaltninga er nærliggande å også stille spørsmålet om kor ein skal tilgjengeleggjere. Oppgåva peiker på at lån som verktøy for tilgjengeleggjering av autentiske gjenstandar til universitetsmusea sine store nedslagsfelt er eit verktøy som er lite omhandla i museumspolitiske føringar. Likevel er lån ein naturleg del av praksisfeltet og ein eit verktøy både utlåns- og innlånsinstitusjonar ser på som viktig i oppfylling av eige samfunnsoppdrag. Norwegian cultural heritage management consists of many different bodies with different responsibilities. The five museums linked to the five Universities in Norway have a special responsibility for all artefacts dating from before the year of the reformation (1537). The museums manage the artefacts on behalf of the state and community. The museums each have responsibility for a section of Norway and their responsibilities for managing artefacts and the dissemination of the artefacts extends beyond the city where they are situated and applies to their whole impact field. One key question in this thesis is how do museums respond to the expectation of making authentic artefacts available to society in their entire field of impact?
The research question for this thesis is how loan of archaeological artefacts between museums are addressed in museum policies, how the museums interpret the guidelines and how this effects the practise field when it comes to loans?
The question is researched through three statements with related research questions that the survey is built around. Key elements/keywords of the thesis are museum, artefacts, responsibilities for the community, democratization, giving access, and loan as a tool. Giving access to the artefacts for the community is handled within several fields of study that touch on the museum sector and have been an important theoretical starting point for the study. This point of departure points to the fact that accessibility has been emphasized as a core focus for museum practice in both political guidelines and from the mentioned fields of study.
The methodological approaches to the survey are content analysis of documents and qualitative interviews. The document that is used is a central museum policy documents, mostly parliamentary reports from the last two decades. Institutional strategic documents from museums that are part of the survey have also been examined. Museums participating in the survey are the Cultural History Museum in Oslo, Maihaugen in Lillehammer, and the Fjellmuseet i Lom. Interviews was conducted with respondents from these three institutions.
These institutional strategic documents, in the same way as museum policy documents, mention accessibility as a central task for museums, but loan of artefacts as a tool for making available, is not a focus area. Tools such as exhibition and digitization get a lot of space in the documents. This survey points to the fact that loan practices between Norwegian museums are influenced by both museum professionals and museum policy guidelines. This means that the place loan as a tool for making artefacts available has in the field of practice are not enshrined in institutional strategic documents at museums.
Through the surveys in this thesis, it becomes clear that geography as a factor in the asset management is to a small extent addressed. Accessibility of artefacts as a task for museums are held as important, but is often reduced to digitalisation. The question of what to make available, why and how is often addressed. This thesis points to the fact that, in light of the university museums and their responsibilities for large geographical areas, it should also be asked where to make artefacts available. The survey points to the fact that loan as a tool for making authentic objects available is a tool that is not widely discussed in museum policy guidelines. Nevertheless, loan is a tool that is part of the field of practice and a tool that museums regard as important in fulfilling their own responsibilities in the community.