Å vere i strid for eige vitnemål: ein fenomenologisk hermeneutisk studie av korleis samspelet med og mellom private og offentlege relasjonar vert opplevd hjå personar med lang tids erfaring med psykiske lidingar
Master thesis
View/ Open
Date
2010Metadata
Show full item recordCollections
- Institutt for sosialt arbeid [1409]
Abstract
Dette er ein fenomenologisk hermeneutisk studie om korleis samspelet med og mellom private og offentlege relasjonar vert opplevd hjå personar med lang tidserfaring med psykiske lidingar.
Studien er gjennomført med kvalitative intervju med 8 personar, som alle bur i det same geografiske området og som alle har hatt opphald i ulike psykiatriske institusjonar. Dei har alle kontakt med ulike psykiatriske hjelpetenester på intervjutidspunktet.
Analysen er inspirert av den franske filosofen Paul Ricoeur sin fortolkingsteori og teksthermeneutikk; likeins er studien inspirert av Ricoeurs filosofiske antropologi.
Informantane fortel om det å vere i intersubjektive fellesskap og utanforskap der deikan kjenne seg bergtekne, stempla ut og forlatne. Dei er likevel gjennomgåande istrid for eigne vitnemål om kva og kven dei er anten i møte med hjelparar eller i privatnettverk. Dette handlar om å bli godtekne som heile personar; både som handlandeog lidande menneske. Psykisk helsevern lyt difor romme både forståing og forklaring.Studien viser at informantane er på lag med mange menneske, men at hjelparar ikkje tykkjest å hjelpe dei med å styrke samspelet.