Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSolemsjø, Inger-Gretanb_NO
dc.date.accessioned2014-12-19T14:33:41Z
dc.date.available2014-12-19T14:33:41Z
dc.date.created2011-03-21nb_NO
dc.date.issued2009nb_NO
dc.identifier405173nb_NO
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/267743
dc.description.abstractBakgrunn: I den kliniske kvardagen opplever helsearbeidaren at pasientar med kronisk hjertesvikt ikkje alltid oppnår forventa effekt av den medikamentelle behandlinga. Spørsmålet dei stiller seg er om pasienten etterlever den medikamentelle behandlinga. Manglande medikamentetterleving hjå denne pasientgruppa blir bekrefta gjennom forsking. Det er utført fleire studiar på intervensjonar som skal betre medikamentetterlevinga hjå desse pasientane. Trass i dette er problemet med manglande etterleving framleis gyldig i den kliniske kvardagen. Med dette som utgangspunkt var det interessant å få belyst kva den enkelte pasient sjølv opplevde som vesentleg for å etterleve den medikamentelle behandlinga. Formål: Gjennom studien har eg fokusert på pasientane sine opplevingar i forhold til bruk av medikament og etterleving av den medikamentelle behandlinga. Eg har ønska å finne dei faktorane pasientane opplever som viktig for å etterleve den medikamentelle behandlinga. Metode: Eg har brukt ei kvalitativ tilnærming for å få svar på problemstillinga. Data er samla inn ved hjelp av semistrukturerte intervju. Dette intervjuet vart gjennomført når informantane var til poliklinisk behandling. Data er analysert ved bruk av fenomenologisk metode. Det reduserte materialet er rekonstruert og blir presentert gjennom fire idealtypar. Funn: Alle informantane meinte at dei etterlevde den medikamentelle behandlinga. Dei hadde ingen tankar om ikkje å følgje legen sine råd, sjølv om fleire gjorde eigne val for å tilpasse bruken av medikament til dagleglivets krav. Fleire av informantane opplevde også ein krisereaksjon i etterkant av å ha fått informasjon om sjukdom og prognose. Dette viste seg å ha negativ innverknad på evna deira til å ta til seg informasjonen dei fekk formidla i den akutte fasa. Opplevinga av å bli godt ivaretekne av helsearbeidarane ved poliklinikken, i tillegg til ønsket om å behalde ei god helse vart sett på som motiverande faktorar for å etterleve den medikamentelle behandlinga. Konklusjon: Funna i studien indikerer at gjennom pasientopplæringa har helsearbeidaren ei viktig rolle i å hjelpe pasienten med kronisk hjertesvikt til å etterleve den medikamentelle behandlinga.  nb_NO
dc.languagenornb_NO
dc.publisherNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Fakultet for samfunnsvitenskap og teknologiledelse, Institutt for sosialt arbeid og helsevitenskapnb_NO
dc.title Medikamenta lever for meg: Ein kvalitativ studie om pasientar med kronisk hjertesvikt sine opplevingar i forhold til bruk av medikament og etterleving av den medikamentelle behandlinganb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.contributor.departmentNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Fakultet for samfunnsvitenskap og teknologiledelse, Institutt for sosialt arbeid og helsevitenskapnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel