Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBrendehaug, Eivindnb_NO
dc.date.accessioned2014-12-19T14:28:58Z
dc.date.available2014-12-19T14:28:58Z
dc.date.created2013-10-18nb_NO
dc.date.issued2013nb_NO
dc.identifier657388nb_NO
dc.identifier.isbn978-82-471-4583-8 (printed ver.)nb_NO
dc.identifier.isbn978-82-471-4584-5 (electronic ver.)nb_NO
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/266402
dc.description.abstractAvhandlinga analyserar korleis lokale deltakarar skapar endring i verneplanprosessen for oppretting av Breheimen nasjonalpark i perioden 2005-2009. Konklusjonen er at lokal mobilisering for utvikling av ein deltakarfellesskap var avgjerande. Når slik mobilisering ikkje kjem i stand endar deltakinga lett i avmakt og symbolsk deltaking. Avhandlinga avgrensar seg til å studere dialogen mellom deltakarane og fylkesmannen gjennom ei rekkje møte og synfaringar i Luster kommune. Forskinga er basert på både dokumentdata, semistrukturerte intervju og samtalar i samband med forskardeltaking på møte og synfaring. Data er analysert ved hjelp av ein modell som er utvikla frå tidlegare forsking om verdien av deltaking, sosial mobilisering og makt i endringsprosessar. Analysen viser at når deltakarane opplever press frå, og avhengigheit til, vernestyresmaktene, vert mobilisering stimulert. Ei eldsjel mellom grunneigarane står i spissen for sjølvorganisering og utvikling av motmakt gjennom felles problemtolking mellom dei lokale deltakarane. Fleire endringar kjem i stand utan konflikt gjennom informasjon og dialog mellom deltakarane og fylkesmannen, men når spelereglane for prosessen vert brotne midtvegs i planprosessen artikulerer deltakarane konflikt. Fylkesmannen handsamar konflikten pragmatisk og kjem deltakarane i møte. Mobiliseringa, konflikten, prosessen og den imøtekomande instillinga til fylkesmannen endrar relasjonane mellom deltakarane og fylkesmannen. Den omfattande dialogen med mange synfaringar og møte utviklar felles problemtolking. Prosessen vert endra, medmakt vert utvikla, og med det skjer det også ei endring i kva saker drøftingane omfattar. Partane utviklar også tiltak som kan skape nye moglegheiter av vernet. Samstundes stimulerer samhandlinga til nye løysingar i dei tradisjonelle spørsmåla, som vernegrenser, verneformer og vernereglar. I siste fase av verneplanprosessen eksisterar motmakt og medmakt side om side og forholdet mellom deltakarane og verneplanstyresmaktene kan karakteriserast som samarbeidande motstandarar. Avhandlinga viser at motmakt og medmakt har ulik forståing av endring. Motmaktstrategien forstår endring som endring av gitte saker som følgjer av verneplanprosessen som regelverk, verneformer og vernegrenser. Medmakt forstår endring i vidare meining, både som endring av prosessen og innhaldet i planen. Resultat vert endra, ikkje berre fordi deltakarane påverkar gitte avgjerder, men også fordi innhaldet i planen er endra ved at ei rekke utviklingstiltak er komne til. Prosessen har påverka resultatet, og det viser at prosessen har vore transformativ.nb_NO
dc.description.abstractThis thesis analyses how local participants created change in the conservation planning process for the designation of Breheimen National Park between 2005-2009. In conclusion, local mobilisation for the development of a participant community with common problem understanding, proved to be crucial. When mobilisation does not take place, participation can easily lead to powerlessness and symbolic participation. This study was limited to the dialogue between participants and the County Governor (CG), who managed the planning process through a series of meetings and site inspections. Data came from document studies, semi-structured interviews and participation in meetings. Data was analysed with a model developed from previous research on participation, social mobilisation and power in change processes. When participant’s experience pressure from, and dependence on the conservation authorities, mobilization was stimulated. An active community member initiated a network among the land owners to develop countervailing power through common problem understanding. Several changes were created, without conflict, through information and dialogue between the participants and the CG, but the participants also articulated a serious conflict in the middle of the planning process when process rules were broken by the CG. The CG handled the conflict pragmatically and took the participants claims seriously. In response changes were made to the conservation park's borders, as well as to the legislation and management of the park. The local participants mobilisation, CG conflict management, the comprehensive dialogue and pragmatic approach taken by the CG and the participants, changed the relation between the parties. Common problem understanding was developed. The planning process changed, power with was created, and the issues included in the planning process changed. Together participants and the CG developed measures to create development opportunities. In the final phase of the planning process, countervailing power and power with existed side by side between participants and the conservation authorities. The relation between the two parties could be described as co-adjutant opponents. The thesis shows that different kinds of power, understand change differently. Countervailing power sees change as change in beforehand defined issues and cases, while power with understands change in a wider context, including change in the content of the plan. When the content of the plan was changed with several development measures the processes was transformativenb_NO
dc.languagenornb_NO
dc.publisherNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Fakultet for samfunnsvitenskap og teknologiledelse, Institutt for industriell økonomi og teknologiledelsenb_NO
dc.relation.ispartofseriesDoktoravhandlinger ved NTNU, 1503-8181; 2013:232nb_NO
dc.titleMobilisering, makt og endring: Ein studie av deltaking i verneplanprosessen for oppretting av Breheimen nasjonalpark med tilgrensande verneområdenb_NO
dc.typeDoctoral thesisnb_NO
dc.contributor.departmentNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Fakultet for samfunnsvitenskap og teknologiledelse, Institutt for industriell økonomi og teknologiledelsenb_NO
dc.description.degreePhD i industriell økonomi og teknologiledelsenb_NO
dc.description.degreePhD in Industrial Economics and Technology Managementen_GB


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel