Kvinnelighet i teatret
Abstract
Kva for klisjéar og stereotypar om kvinneligheit finst i og utanfor teatret, og på kva måte finn dei stad i førestillingane Bare en våt munn og Jesus Christ Superstar? Her definerer eg kva omgrepet kvinnelegheit inneberer og omfattar, så seier eg noko om kvifor det er viktig å diskutere og kva teaterhistoriske hendingar som ligg til grunne for korleis stoda er i dag. Vidare ser eg spesifikt på førestillingane Bare en våt munn og Jesus Christ Superstar, som er to førestillingar som har blitt synte for publikum i 2020. Her ser eg på korleis dei på forskjellige måtar skildrer kvinnelighet, og er to gjeldande tilfelle for korleis tematikken blir skildra i dag. Til dømes ser eg på om dei illustrerer klisjéar og stereotpar kring emnet.